Karstein Larsen (t.v), Jan Erik Dregelid og Lill Karin Stålnacke på Industri- og Næringspartiet sin stand under Kvernsteinsmarknaden i juni.

Industri- og Næringspartiet med framstøyt i Hyllestad

Industri- og Næringspartiet er eit ferskt og framleis lite parti i Høyanger, men dei er alt interesserte i å også etablere seg i nabokommunen.


Industri- og Næringspartiet (INP) er ein utfordrar i norsk politikk, også i Høyanger, kor partiet stiller med liste under årets kommuneval. Men  INP har også ambisjonar i nabokommunen Hyllestad, og har i sommar gjort eit framstøyt der, mellom anna i form av ein stand på Kvernsteinsmarknaden i juni.

 – INP har medlemmar i Hyllestad, men ikkje lokallag. Vi prøver derfor å vere synlege lokalt og støtte den aktiviteten som er her for å sjå om det er grunnlag for å få etablert eit lokallag også her i kommunen, og for å sanke støtte til INP generelt, til dømes med tanke på fylkestingsvalet. 

Det seier Karstein Larsen, Jan Erik Dregelid og Lill Karin Stålnacke. Alle tre står på val både i Høyanger og i Vestland i år.

God respons
Dei tre INP-representantane trivst ute blant folk, og får og gode tilbakemeldingar på valkampaktiviteten.

– Vi får god respons når vi står på stand til dømes i Hyllestad. Det er mange som ikkje kjenner til INP, og som er nysgjerrige på partiet og kva vi står for.
Som ferskt parti er det ikkje all verdens med politisk erfaring å spore hos INP lokalt, men det er ikkje til hinder for meiningsutvekslinga.

– Vi prøvar oss litt fram og lærer fortløpande. Vi kan ikkje svare på alt i alle saker, men då seier vi at vi ikkje veit, og det trur vi folk set pris på. Tåkete politikarsnakk trur vi ikkje folk er interesserte i uansett, så vi seier det som det er. Vi er vanlege folk, men vi har eit engasjement og eit felles verdigrunnlag, og vi meiner at det INP står for er nyttige perspektiv i politikken både på kommune-, fylke- og nasjonalt nivå.

Partinamnet til INP avslører at det er særskilt oppteken av industri og næring, men INP er ikkje eit eittsaksparti av den grunn.

– Vi er ikkje eit protestparti, men vi kan nok vere ei motvekt opp mot dei tradisjonelle og meir etablerte partia i mange saker. Vi er tydelege på kva vi vil, og har klare standpunkt.