Dette bildet er tatt på Risnes med utsikt mot Losna fredag. Vatnet er rustfarga grunna store mengder morildalgar. (Foto: Torunn Kollevåg)

Morildalgen på veg inn Sognefjorden

Den glødande morild­algen er observert i Hyllestad.


Det er lettare magisk når ein rører ved vatn med morilalger i, og ser vatnet lyse opp. Denne algen har no blomstra opp fleire stadar i Norge, deriblant i Hyllestad. Normalt dukkar ikkje morildalgen opp før på seinsommaren, men i år er den tidlegare ute. 

– Mai var grådig varm, stille og roleg i år, noko som er grunnen til at den blomstrar opp tidleg,   seier forskar Lars-Johan Naustvoll ved Havforskingsinstituttet.

Naustvoll synest sjølv at det er spanande med den spesielle algen, som formelt heiter Noctiluca scintillans. På dagtid og i store mengder gjer den vatn rustfarga, men når mørket senkar seg blir andre eigenskapar meir synlege.

– Dersom du er ute og tek eit kveldsbad er det fascinerande å symje i eit hav av små lysglimt eller morild. Om ein ikkje ønsker å bade kan ein røre ein kvist langsamt ned i vatnet, for då får ein same respons, eit hav av lysglimt. Eit heilt spesielt syn.