I følgje kommunedirektør Martin Lundgård er rekruttering av sjukepleiarar ikkje berre eit problem for Hyllestad kommune, men også for mange andre kommunar rundt om i landet.

Hyllestad slit med å rekruttere helsepersonell

Etter at søknadsfristen gjekk ut denne veka har Hyllestad kommune få eller ingen søkjarar til utlyste stillingar innanfor helse og omsorg.


- Rekruttering av sjukepleiarar, vernepleiarar og fastlegar er noko Hyllestad kommune har slitt med i lang tid. Men det gjeld ikkje berre for vår kommunen, men også kommunar i resten av landet, spesielt i distrikta, seier kommunedirektør Martin Lundgård til Ytre Sogn.
Kva som er forklaringa har han ikkje svar på, men fortel at dette er noko kommunen har jobba mykje med.

-Vi har iverksett mange tiltak både i form av løn og bonusordningar, som ikkje har lykkast. Like før jul vart det i lønsforhandlingane mellom Sjukepleiarforbundet og KS vart det bestemt at det skulle setjast ned eit utval som no skal sjå på rekrutteringsutfordringar innanfor dette med sjukepleiarar. Det har etter kvart blitt eit problem for veldig mange kommunar rundt om i landet. 

Heile landet
For Hyllestad har dette vore ei utfordring gjennom mange år, der kommunen gjennom vikarbyrå har hatt ei viss dekning av fagfolk i desse stillingane.

-Dette er noko vi kontinuerleg jobbar med både på politisk og administrativt nivå, og med drahjelp både frå statleg hald ser på korleis vi skal innrette oss og klare dette. På landsbasis er det jo ein underdekning på sjukepleiarar,. I   følgje NAV si bedriftsundersøking mangla 5600 sjukepleiarar i Norge i 2019, og det er spådd at det i 2035 vil kunne mangle 28 000. Så dette er eit problemområde der heile landet må dra i lag, påpeikar Lundgård.

Jobbar vidare
Når det gjeld fysioterapistillinga som kommunen har lyst ut fortel kommunedirektøren at søkjartalet er bra. Arbeidet med stillingane som framleis står ledige vil halde fram for å nå ut til fleire søkjarar, til dei rette kandidatane er på plass.

-Generelt i Hyllestad jobbast det med rekrutteringstiltak for innbyggjarane i form av mellom anna tilskot til dei som ønskjer å etablere seg og  byggje hus her og rimelegare barnehage. Så ser vi blant anna på dei kommunane som til ein viss grad har lykkast, og tek lærdom av det. Men det skal og seiast at vi har mange dyktige medarbeidarar og sjukepleiarar i kommunen vår.

 

 

 

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.