Kommunedirektør i Hyllestad, Gjermund Flage, seier kommunen er godt rusta til å ta imot fleire flyktningar.

Hyllestad seier ja til å ta imot fleire

Hyllestad kommunestyre gjekk samrøystes inn for å ta imot fem flyktningar i tillegg til dei 30 kommunen allereie har sagt ja til å ta imot i 2023.


Vedtaket vart teke etter oppmoding frå IMDi (Integrerings- og mangfaldsdirektoratet) om å ta imot fem flyktningar ekstra i kommunen.

– Det er venta at det framleis er særleg kvinner, barn og eldre flyktningar frå Ukraina som vil komme til Norge. Dette betyr at kommunale tenester som er retta mot desse gruppene må ha tilstrekkeleg kapasitet, skriv kommunedirektør Gjermund Flage i saksutgreiinga.

Høgt trykk
Kommunen har så langt tatt imot 16 flyktningar, og forventar å ta imot ni fleire i løpet av den neste perioden. Då vil det framleis vere rom for elleve til i Hyllestad.

Kommunedirektøren seier husvære ikkje er eit problem, men at det er ei viss bekymring rundt NAV sine oppgåver knytt til flyktningane.

– Det er ein sjanse for at vi vil ta i mot så mange som 35, trykket frå myndigheitene er ganske høgt. Det sit 17000 i mottak, som er det høgste som har vore til no, og vi er klare til å ta imot dei som kjem til Hyllestad, seier Flage til Ytre Sogn.

Godt rusta
Når det kjem til NAV så er det dei praktiske oppgåvene med å finne arbeid til dei som kjem og vil ut i arbeidslivet som er utfordringa, heller enn kapasiteten til NAV.

– Det er ikkje alle som kjem hit som har ei utdanning som passar arbeidsmarknaden vi har i Hyllestad. Så det er jo å få dette til å matche, og finne dei rette stillingane til dei folka som kjem, som er utfordringa, seier Flage.

Om det likevel blir slik at Hyllestad berre blir første stopp på veg inn i det norske samfunn, så meiner Flage at kommunen uansett er godt rusta til å løyse dei oppgåvene som er forventa av ein busettingskommune, både når det kjem til husvære og norskopplæring.

– Det spelar ikkje stor rolle i vårt busettingsarbeid om det kjem fem fleire personar til Hyllestad. Det skal vi greie fint!