Hyllestad stilte U19- og U14-lag i kretsmeisterskapen i futsal på Sandane i helga. U19-laget (bildet) tok gull etter å ha slått Askvoll 2-1 i finalen. (Foto: Privat)

Hyllestad kretsmeister i fotball

Hyllestad sitt damelag tok førre helg gull i KM i futsal på Sandane.


– Dette hadde dei nok ikkje trudd dei skulle klare, så dette var veldig kjekt. Og ekstra kjekt å sjå at småklubbane kan hamle opp med dei store.

Dei seier trenar for Hyllestad IL sitt damelag, Øyvind Ness, til Ytre Sogn, etter at damelaget tok gull i kretsmeisterskapen for U19 i futsal på Sandane førre helg. I finalen møtte dei Askvoll.

Slo dei store
Ness fortel om ein jamn finale der Hyllestad leda 1-0 til det stod att fire minutt på klokka. Ein neglebitande avslutning på kampen etter 1-1 vart avslutta med at Hyllestad tok tilbake leiinga berre eitt minutt før slutt, og laget vann til slutt finalen 2-1.

– Dei spelte fantastisk godt denne turneringa, og la inn ein durabeleg innsats, seier Ness.

Det er berre to år sidan Hyllestad igjen stilte med damelag i fotball, og Ness fortel at dei satsar på å stille 11-ar-lag også i år.

– Det var berre to av dei på U19-laget som faktiske er fylt 19, men vi er heilt avhengige av at dei spelarane vi har også blir med vidare. Det kan bli tøft når vi veit at ein del reiser vekk til hausten, men vi skal prøve, fortel Ness.