Legg om koronatestinga

Hyllestad legg om koronatestinga i kommunen, til primært å bli utført ved sjølvtesting

– Det vert levert ut to testar med enkel rettleiing og instruksjon. Hurtigtestar skal berre leverast ut til personar som har behov for test grunna nyoppståtte symptom, opplyser kommunen på heimesida si. 

Hurtigtestane vert levert ut på legekontoret. 

– PCR-testing vert framleis nytta når det er naudsynt, til å verifisere positive hurtigtestar eller ved krav om PCR før utlandsreise. 

Men dersom ein er så sjuk at ein har behov for å kome til lege, ber kommunen om at fastlegen vert kontakta i opningstida. Utanom vanleg opningstid skal ein ringe 116 117. 

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.