På 90-talet gjekk Kurt Hatlem og tre kompisar saman og kjøpte eit biljardbord, mest for å ha noko å gjere når fotballsesongen var over. At denne spede starten skulle utvikle seg til å bli ein av Norges mest ambisiøse og framgangsrike biljardklubbar, med EM gull og over 200 NM gull, kunne ingen føresett. I alle fall ikkje Kurt.