For to veker sidan offentleggjorde Hydro og våre partnarar at vi ønskjer å gå vidare med Snøheia Industrikraft og be Høyanger og Sunnfjord kommune opne for ei konsekvensutgreiing av kraftverket. I vekene som har gått opplever vi mykje støtte, både frå lokalt næringsliv, fagrørsle og politiske leiarar som ønskjer å få fakta på bordet gjennom ei konsekvensutgreiing. Samstundes er det naturleg at somme er kritiske, og at det er mange spørsmål. I fleire innlegg og oppslag i mediene har det blitt stilt spørsmål vi ønskjer å svare på.
Vil Snøheia sikre Høyanger?
Nokre spør oss: Vil utbygging av Snøheia vere nok til å sikre verket i Høyanger for framtida? Eller risikerer Høyanger-samfunnet vindkraftverket vert bygd, medan aluminiumsproduksjonen blir stengt ned? Eg forstår at spørsmåla blir stilt. Vårt mål, og årsaka til at Hydro brukar relativt store ressursar på Snøheia, er nettopp at vi vil gjere det vi kan for å sikre vidare drift i Høyanger. Vi nærmar oss 1 milliard investert frå Hydro i Høyanger dei siste åra. Enten du måler det i kroner per tilsett eller i tonn aluminium produsert, er det ingen annan stad i Noreg vi har investert like mykje dei siste åra. Viktigare: Investeringane vi gjer er framtidssatsingar. Resirkulering av aluminium, produksjon av grønt hydrogen. Dette er løft som er med på å gjere Hydro Høyanger mykje betre rusta i framtida. Høyanger kan ta ei leiarrolle på veg mot nær nullkarbon aluminium. Det gjev meir enn diplomar: Fortrinnet vi no bygger opp i Høyanger vil vesentleg styrke konkurranseevna til verket over tid. Vi trur på framtida for Hydro Høyanger, vi investerer i framtida, og no skal vi gjere alt vi kan for at kraftsituasjonen ikkje står i vegen for den framtida. Hydro er ei eksportbedrift, i ein global marknad. Prisen på aluminium, etterspurnaden etter produkta våre, kostnaden ved råmateriala vi nyttar – alt dette er ting vi ikkje kan kontrollere. Men det vi kan er å ta tak i dei utfordringane vi faktisk kan påverke. Den viktigaste av dei er krafttilgangen. Krafta utgjer 1/3 av kostnaden ved å produsere aluminium, og nesten heile konkurransefortrinnet vårt i Noreg. Og krafta er den einaste av dei store kostnadane våre som kan bli påverka i Noreg, ja til og med i kommunestyra i Høyanger og Sunnfjord. Folk spør oss og om: Kor viktig er dette eigentleg for Hydro Høyanger? Svaret er at det er eit stort alvor i kraftsituasjonen for Hydro. Dei siste åra har vi opplevd ein ekstrem situasjon i kraftmarknaden med svært høge pristoppar. Framover ventar energimyndigheitene at kraftprisane gjennomgåande vil bli høgare, og at det blir større svingingar. Årsakane til at kraftprisen er høgre enn før, og venteleg held fram å vere høgre enn vi er vande med, er både auka CO2-prissmitte via kraftsambandet til Europa, og at vi Noreg brukar meir kraft utan at produksjonen aukar. Høge kraftprisar er utfordrande for all aluminiumsindustri, og meir enn halvparten av aluminiumsproduksjonen i Europa er stengt sidan oktober 2021 på grunn av høge straumprisar. For Hydro Høyanger er alvoret ekstra stort. Trass i at Hydro Høyanger er eit veldrive, effektivt verk som leverer metall med noko av det lågaste CO2-avtrykket i verda til nokre av dei mest krevjande kundane, er verket lite. Det gjer Hydro Høyanger ekstra sårbart når kraftprisane aukar, og Hydro frå 2030 mistar om lag 4 TWh kraftdekning fordi lange kraftkontrakter går ut på dato. Spørsmålet vi står overfor, er «kva kan vi gjere for å best sikre industriarbeidsplassane i Høyanger»? Og svaret på det er å bidra til å løyse kraftutfordringa. Langsiktig krafttilgang er den viktigaste årsaka til at Hydro har helde folk i arbeid og alle verka i drift gjennom den verste energipriskrisa i Europa på fleire tiår. Enkelt sagt er det ein stor forskjell på Hydros verk i Noreg, som er i drift, og verka som stengte ned i EU under energipriskrisa: Hydro hadde lange kraftkontrakter. Difor er vi så opptekne av å fornye desse i tide. Høyanger, som det minste verket, har mest å tjene på at vi lukkast med å dekke kraftbehovet. Det er årsaka til at Hydro er med våre partnarar i å utvikle Snøheia Industrikraft. Men sjølv om alvoret i kraftsituasjonen er stort, ber vi ikkje om å få lov å setje spaden i jorda og kome i gang å bygge. Vi ber om ein ting: Å få gjennomført ei grundig og skikkeleg konsekvensutgreiing som kan få alle fakta på bordet – både fordelane og ulempene ved å bygge kraft i Snøheia. Først når konsekvensutgreiinga er gjennomført skal kommunane eventuelt ta stilling til om arealet skal nyttast til vindkraft – eller ikkje. Det er fleire som har spørsmål om kommunestyret eigentleg sit med siste ord i spørsmålet om vindutbygging. Svaret er at det gjer dei, med det nye lovverket for vindkraft. Hydro er glade for at regjeringa endra lovverket, slik at kommunane sit med makta når ny vindkraft skal byggjast. Det er folk sjølv som må få vege fordelar mot ulemper i ei så viktig sak. Difor er vi opptatt av å bidra til ein god og open prosess. Denne hausten skal Høyanger kommune ta stilling til vårt planinitiativ. Berre dersom kommunen godkjenner det, kan vi foreslå ei konsekvensutgreiing – som også må bli godkjent av kommunen før arbeidet kan starte. Dette tar tid. Difor er det også viktig for oss å komme i gang.Kvifor vindkraft – og ikkje noko anna?
Fleire spør oss og om: Kvifor vindkraft? Kvifor ikkje heller sjå på andre løysningar? Også det er eit godt spørsmål. Og svaret er at vi ser på alle løysningar som kan bidra til å sikre industriarbeidsplassane våre kraft etter 2030. Vi er i kraftmarknaden kvar dag på leiting etter kontraktar som har ein pris vi kan leve med. Hydro gjennomfører ei rekkje oppgraderingsprosjekt i vasskraftverka vi eig, seinast i denne veka offentleggjorde vi eit nytt i Illvatn i Luster som vil kunne gjev 100 GWh ny kraft, ein tidel av potensialet i Snøheia. Vasskraftoppgradering er viktig, men dei fleste prosjekta har begrensa potensial – med mindre ein opnar for å bygge ut i verneområde.Hydro Høyanger treng kraft
Hydro har ikkje anna eigenkraft i Høyanger, eller i kraftprisområdet Høyanger høyrer til. Verket blir i dag sikra kraft frå den samla porteføljen til Hydro, der eigenkrafta vår og krafta vi kjøper inngår. Også om Snøheia vert bygd, vil Hydro Høyanger trenge kraft frå dei samla kraftressursane Hydro rår over frå eigen produksjon og innkjøpte kontrakter. Det Snøheia gjer er å vesentleg styrke Hydros kraftressursar. Saman med andre bidrag andre stader i landet, frå oppgradert vasskraft, til energi spart i produksjon, til andre sol- og vindprosjekt, er målet vårt å trygge alle verka, også det minste – i Høyanger. No ber vi om at politikarane får alle fakta på bordet før dei veier fordelar mot ulemper for Høyangersamfunnet. Johan BergLeiar for Hydros aluminiumsverksemd i Noreg