Vest politidistrikt melde på X (tidlegare Twitter) om melding om brann i ein einebustad i Hyllestad kommune. Meldinga kom klokka 16.29, og like etter melde dei at bebuarane var komme seg ut av bustaden, men at huset var i full fyr.
Brannen spreidde seg også over vegen til terrenget i området, og brannmannskapet var på plass klokka 16.53. Terrenget vart dynka i vatn, og like før klokka 18 melde 110 Vest på X at det var god kontroll på terrenget. – Om det hadde teke seg opp i skogen ville brannhelikopteret kome, men det klarte vi heldigvis å unngå, fortel brannsjef i Hyllestad, Atle Tonning, til Firda. Huset brann til grunn, og rundt klokka 19 same kveld meinte brannvesenet i Hyllestad at dei hadde god kontroll på brannen. Firda melder at det var brannvakter på staden gjennom natta.Foto: Hyllestad brann og redning
Hus brann ned til grunnen i Hyllestad
Ein einebustad i Tauningvegen i Hyllestad kommune brann laurdag ned til grunnen.