Høyanger Senterparti i ei identiteskrise?


8. september kunne vi lese i Firda at Senterpartiet i Høyanger kan avgjere om det vert konsekvensutgreiing av vindkraft på Snøheia slik Hydro og Eviny vil. Samstundes skal Høyanger omregulere fjellområdet mellom Høyanger og Viksdalen frå LNF (Landbruks, Natur- og Friluftslivsområde) til Vindindustri.

Står det tidligare bondepartiet i Høyanger i ei identitetskrise? Geir Helge Østerbø har gong på gong uttalt at Senterpartiet står på grunneigarane si side. Men kva grunneigarar? Dei som bur i distrikta og driv gardene sine eller?

Hydro er grunneigar. Dei fleste grunneigarane som har skreve under avtale med Fred Olsen er ikkje bønder (les driv ikkje gardane sine).

Dei aller fleste grunneigarane som ikkje ønskjer vindkraft og heller ikkje har skrive avtale med Fred Olsen er aktive bønder som bur i distriktet, driv gardane og er avhengige av utmarksbeita.

Om vindkraftverket vert sett i drift vil utslepp av mikroplast frå turbinane tilføre naturen de sterkt skadelege stoffa BisFenol A og fluor-plast. Mikroplasten vil naturleg samlast i søkk og dalar i terrenget (les: gode beiteområder). Delar av utmarka vil verte ueigna som beite for både sau og hjort; altså eit permanent tap av tradisjonell utmarksnæring.

Mange år med omfattande anleggsdrift vil gjere aktiv bruk av utmarka umulig og hindre effektivt sauehold.

Så til identitetskrisa:

Vil Senterpartiet i Høyanger stå på dei aktive bøndene, som er avhengige av utmarka, si side. Eller vel Senterpartiet å støtte Hydro og andre grunneigarar som ikke driv bruka sine, og dermed støtte opp om nedlegging av utmarksnæringane?

Erik Øren