Høyanger kommune vil utvide stipendordning


No kan også ungdom frå nabokommunar søkje om bortebuarstipend om dei vel å gå på Høyanger vidaregåande skule.

Etter forslag frå Ap har kommunestyret no vedteke å utvide stipendordninga til å gjelde alle som får nærskulepoeng om dei vel å gå på skulen i Høyanger. Til no har den berre omfatta dei som bur i kommunen. Det vil seie at ungdom frå til dømes Hyllestad og Gaular no også kan søkje om stipendet, som er på opptil 10 000 kroner per skuleår. 



Samtidig er det vedteke å auke løyvinga til ordninga frå 50 000 til 100 000 kroner.


I innlegget sitt viste Kristin Sagerøy Råsberg (Ap) til at talet på born og unge i barnehagar og skular i Høyanger kommune ligg på eit historisk lågt nivå.



- I lys av dette må vi også sjå på korleis vi kan rekruttere elevar for å oppretthalde det vidaregåande tilbodet i kommunen. Elevtalet i eigen kommune går ned, og vi er nøydde til å gjere oss attraktive for dei rundt oss. Vi ser det som viktig å kunne leggje til rette for at fleire kan søkje på eit slikt stipend, og føreslår difor å utvide ordninga, som er for elevar som er nøydde til å bu på hybel for å gå på skulen i Høyanger, sa ho og viste til at dei no har fått eit nytt inntakssystem i Vestland fylkeskommune, og ei såkalla nærskulematrise.

- Vi ønskjer å utvide stipendordninga til å gjelde alle elevar som får nærskulepoeng ved Høyanger vidaregåande skule.




Les meir i neste Ytre Sogn!