Høyanger kommune vil bli meir demensvennleg


Som ein av over 100 kommunar i landet har Høyanger kommune signert ein samarbeidsavtale med Nasjonalforeningen for folkehelse om å gjere kommunen til eit meir demensvennleg samfunn.

I demensplanen for 2020 er målet å skape eit meir demensvenleg samfunn ved å ta vare på – og integrere – personar med demens i fellesskapet.
– Eg tok kontakt med ordførar og rådmannen i kommunen i fjor for å høyre om ikkje vi skulle vere med på kampanjen som Nasjonalforeningen for folkehelse har i høve eit meir demensvennleg samfunn. Dei var svært positive til det som også vil gje eit godt omdøme for kommunen. I samarbeidsavtalen med nasjonalforeininga pliktar kommunen seg til å vere med og bidra til at menneske med demens oppleve å vere inkluderte og involverte i lokalmiljøet, og når det gjeld å delta i naudsynte kvardagsaktivitetar, seier leiar i demensteamet i Høyanger Monica Dåvøy til Ytre Sogn. Til dagleg jobbar ho som einingsleiar i open omsorg på Høyanger sørside.
I dag har over 77 000 menneske i Norge demens, og gruppa er stadig aukande. Over halvparten av desse bur heime der mange oppleve isolasjon og einsemd. For å endre på dette lansere Nasjonalforeningen for folkehelse kurset « Eit meir demensvennleg samfunn» som har til hensikt å lette kvardagen til personar med demens slik at alle kan oppleve å vere inkludert og involvert i lokalmiljøet sitt.

Angår oss alle
Førre onsdag hadde Dåvøy og folkehelsekordinator Maria Brendehaug Petersen kurs for tilsette i helse og omsorg og servicetorget på Høyanger rådhus, der deltakarane fekk vite meir om korleis dei og andre kan bidra til ein betre kvardag for personar med demens. I tillegg til nøgde kursdeltakarane, var og ordførar Petter Sortland full av ros til Dåvøy sitt initiativet til å delta i kampanjen.
–Det er heilt sjølvsagt å stille seg positiv til dette. Det angår oss alle, anten som pårørande, vener, naboar eller anna. Ingen veit kva morgondagen bringer, og ein kan få dette nærmare inn på seg enn ein gjerne ønskje. Då har vi som medmenneske og lokalsamfunn plikt til å hjelpe og syne respekt. Eg håpar at kommunen og alle vi som jobbar her kan bidra med vårt, og at vi får hjelp frå butikkar og næringsliv slik at det kan bli litt enklare for denne pasientgruppa i kvardagen, seier han.

Spreie kunnskap
Kampanjen som Nasjonalforeninga har laga til er spesielt tilpassa servicenæringa, og går ut på å spreie kunnskap blant tilsette i ulike yrkesgrupper som til dømes butikkar, frisør, apotek og transport om kva demens er og korleis ein kan gje god service til personar med denne sjukdomen. På den måten kan ein vere med og bidra til å gjere det enklare for personar med demens å utføre vanlege kvardagsaktivitetar, og at dei føler seg ivaretekne og sett.
– Eldrebølga er på frammarsj og demens er ein aukande diagnose. Då er det greitt at vi kan få litt meir kompetanse om korleis ein skal møte og stille seg til denne pasientgruppa på best mogeleg måte. Det er flest eldre som blir råka, men det blir og fleire yngre heilt ned i 40-årsalderen som får denne sjukdomen. For å oppretthalde eit aktivt liv så lenge som mogeleg er det viktig å ivareta og integrere denne pasientgruppa i lokalsamfunnet, og møte dei med forståing og respekt, seier Dåvøy.