Høyanger INP i kommune-valkampen for første gong


Høyanger INP er ein nykommar i det politiske landskapet, både lokalt og nasjonalt. Vi som har skipa lokallaget i Høyanger er ein engasjert gjeng som ønsker å bidra positivt i kommunestyret. Nokon syns kanskje det er vanskeleg å bestemme seg for kva dei skal stemme på i haustens val. Det kan eg godt forstå, det er ikkje alltid like enkelt å sette seg inn i alle partia sine standpunkt. Vi har difor skrive ned nokre av sakene vi vil jobbe for i kommunestyret. 

Vi i INP ønsker å vere tydeleg på kva vi står for og kva vi meiner i einskildsaker. Vi har ikkje lang politisk erfaring, men vi har eit sterkt engasjement for gode lokalsamfunn. Vi vil bidra med nye tankar og innspel, og håpar at dette vil tilføre ein ny dimensjon i kommunestyret. I samarbeid med heile kommunestyret ønsker vi å skape den veksten som lenge har vore jobba for, og snakka om. Vi har notert oss kritikken frå Kåre Manseth i Ytre Sogn 22.juli, og ønsker å utfordre kommunestyret og administrasjonen til endå meir handlekraft. Vi vil at gode forslag og planar vert prioritert og realisert. 
Både i tettstaden og i bygdene våre er det mange gode krefter som spelar på lag for å skape arbeidsplassar og gode lokalsamfunn. Vi vil at både kommunen og kommunestyret skal vere ein positiv aktør i dette samspelet. Vi i INP skal bidra med nye perspektiv og forslag for å nå mål om vekst, utvikling og godt samarbeid.
Heile Høyanger kommune har potensiale for vekst, og vi ønsker å satse på utvikling i både tettstaden og bygdene. Vi ønsker særleg å sette fokus på potensialet i dei ulike bygdene i kommunen, og bidra til realisering av gode idéar. Vi vil også fremme eigne forslag i kommunestyret. I Vadheim kunne ein for eksempel starta eit prøveprosjekt på skulen for å få fleire til å ønske å busette seg der. Ein skule med overordna fokus på friluftsliv og uteaktivitetar kunne vore aktuelt for ein stad som har så lett tilgang på flott og variert natur. Med godt rykte og god marknadsføring kan ein slik skule vere eit trekkplaster for folk i nærliggjande kommunar, for utflyttarar og potensielle tilflyttarar.

Ein av dei viktigaste sektorane i kommunen er helse og omsorg. Som politikarar kan vi ikkje feile i å ta vare på mennesket. Vi må sikre at dei tilsette har ein trygg kvardag og støtte frå leiinga, i tillegg til godt arbeidsmiljø og gode arbeidsvilkår. Dette vil igjen bidra til å sikre gode tenesta til folket. Helsepersonell ser ut til å vere, eller bli, eit knapphetsgode. Høyanger INP meiner at vi ved å jobbe heilskapleg, altså ved å sjå på fleire delar av arbeidslivet og samfunnet samstundes, kan vi klare å rekruttere og behalde fleire i denne sektoren. (Marknadsføring av det som allereie fungerer er viktig, samstundes som vi aktivt jobbar med det som kan verte betre.)

Vi vil styrke frivilligheita, og meiner at det er eit stort unytta potensiale i lokale lag og organisasjonar. Her må kommunen støtte betre opp. Frivilligheit bidreg på mange felt, som kultur, sosiale aktivitetar, aktivisering og trivsel. Frivillig arbeid bidreg til gode lokalsamfunn og trivsel, og kan «spare» kommunen for både utgifter og ressursbruk. Lag og organisasjonar gir eit breitt tilbod til innbyggjarane og er eit viktig element i folkehelsearbeid, i tillegg til kommunen sitt bidrag. Det er viktig at kommuneorganisasjonen har ei tydeleg ansvarsfordeling og støttar opp om frivillige sin innsats.

INP Høyanger vil arbeide for betre tilrettelegging av turisme i kommunen. Vi vil ha opp store turistinformasjons tavler på ferjekaien i Oppedal, i Vadheim, på Nordeide, i Lånefjorden/ Nessane, gjerne med QR-kode til nettstad med meir informasjon. Kommunen og næringane i Høyanger bør gå saman om å promotere kommunen utad, og å legge til rette for å få flest mogleg turistar til å stoppe opp i kommunen. Vi må ha eigna tilbod til turistar som kjem til bygda, om det er i bil eller båt, og vi støttar initiativet til Høyanger båtforeining om å oppgradere båthamna i Høyanger. 

Eit anna viktig område for INP er skule, barnehage og utdanning. Vi ønsker å behalde dagens skulestruktur- og tilbod. Vi ønsker òg å følgje opp læreplanar - og utfordre desse med ny forsking og fakta, i tråd med opplæringslova sitt formål om å fremje demokrati, likestilling og vitskapleg tenkemåte. Vi vil mellom anna fremme innspel om alternativ læring basert på forsking og sunn fornuft – som friluftsliv, fysisk aktivitet, praktiske arbeidsmetodar og mindre skjermbruk, og ikkje marknadskrefter eller økonomiske omsyn. Metodar i skulen må i større grad ta omsyn til forsking på kognisjon og nevrologisk utvikling. Ved spesielle behov må ein nytte metodar og verktøy som er best eigna i kvart einskild tilfelle. 

Innan samferdsel ønsker INP gul stripe på heile strekninga av fylkesveg 55 frå Dragsvik til Vadheim, og på E39 frå Vadheim til Bogen. Vi vil også jobbe for betre korrespondanse på kollektivtrafikken i Høyanger kommune, (og jobbe for god tilknyting mellom sørsida og nordsida i kommunen).

Industri og næring er viktig både for Høyanger kommune og INP. Vi vil ha utvikling og legge til rette for ein dynamisk vekst. Vi må sikre eit mangfald av arbeidsplassar innan industri- og næringsverksemd. Vi tenker langsiktig for å trygge lokalsamfunn, arbeidsplassar og miljø for framtidige generasjonar.

INP vil ikkje rasere natur på bakgrunn av ein feilslått energipolitikk frå statlege myndigheiter. Vi vil heller jobbe for endringar i energipolitikken, og håpar å få med oss relevante aktørar i dette arbeidet. Vi vil sikre norsk, kraftkrevjande industri nok og konkurransedyktig kraft, utan utbygging av vindkraft. I Høyanger ønsker vi å jobbe saman med lokalt næringsliv for å nå dette målet.

Meir om INP er nok komen i postkassane dykkar. De kan òg lesa meir på https://inpartiet.no/INP/.

Bruk stemmeretten, og godt val!

Høyanger INP

Jan Erik Dregelid
Ordførarkandidat

Karstein Larsen 
Leiar Høyanger INP