(Foto: Geir Ove Elveseter)

Høyanger er blant kommunane som no får meir koronastøtte

Regjeringa delar nemleg  ut i alt 330 millionar kroner til kommunar med næringsliv som framleis slit som følgje av pandemien.


Regjeringa delar nemleg  ut i alt 330 millionar kroner til kommunar med næringsliv som framleis slit som følgje av pandemien. 

Blant dei er to kommunar i ytre Sogn; Høyanger får 1 709 000 kroner og Gulen 972 000 kroner. 

– No er samfunnet så godt som gjenopna og aktiviteten i næringslivet på full fart opp. For delar av reiselivsmarknaden vil det likevel ta meir tid, blant anna fordi det framleis gjenstår nokre restriksjonar på innreise. Regjeringa har difor valt å tilføre enkelte utsette regionar friske midlar over den kommunale kompensasjonsordninga. Det vil sikre at levedyktige bedrifter kjem seg gjennom siste fase av pandemien, seier næringsministar Iselin Nybø i ei pressemelding.

Denne tildelinga rettar seg særleg mot reiselivsbedrifter som er avhengige av langvegsfarande kundar.

Til saman er over 2,8 milliardar kroner fordelt til kommunane frå kompensasjonsordninga sidan februar 2021.

– For lokale verksemder har den vore viktig for å sikre verdiar og jobbar i heile landet, gjennom denne svært krevjande perioden. No aukar aktiviteten i økonomien raskt, men enkelte bransjar treng framleis ehjelp for å passere den siste kneika, seier distriktsministar Linda Hofstad Helleland.

Andre kommunar i Sogn som får midlar er:
Vik             770 000 kr
Sogndal    5 070 000 kr
Aurland    4 072 000 kr
Lærdal      1 139 000 kr
Årdal        1 919 000 kr
Luster       1 919 000 kr

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.