Høyang sitt Jenter 13/14-lag tok seg heilt til 8-delsfinalen i B-sluttspelet i Norway Cup. Der vart Krødsherad for sterke, og vann 2-1.
- Men det var ein jamn kamp heilt inn, og det kunne gått begge vegar, seier laget sin trenar, Kjell Erik Olsen, til Ytre Sogn etter kampen onsdag ettermiddag. - Vi hadde litt uflaks på ein corner, og dei skåra 2-1 målet berre 30 sekund før slutt, seier han. Høyang sitt mål vart skåra av Besrat Samson.Til B-sluttspelet
Dagen før vart det tap 6-1 mot Herd i siste kamp i gruppespelet, og Høyang-jentene enda med det på tredje plass. Dermed vart det B-sluttspel og 16-delsfinale, som gjekk onsdag morgon. - Herd var kanongode i siste kampen i gruppespelet, og leia 4-0 ved pause. Dei sprang oss i senk. Men vi løfta oss i 2.omgang. Då skåra dei to mål og vi eitt, ved Kristine Fureli Kvikne, seier Olsen til Ytre Sogn. Onsdag morgon venta Berlevåg i første kamp i sluttspelet, og den enda med 3-0-siger til Høyang. - Jentene spelte godt og vann fullt fortent, seier trenaren om den kampen.Målskårarar for Høyang var Tiril Aaland Engen, Anna Strandos Måredal og Kristine Fureli Kvikne.