Julemessa i Leirvik vart godt besøkt i år, og både utstillarar og besøkande gav gode tilbakemeldingar til arrangørane. (Alle foto: Privat)

Godt besøkt julemesse i Leirvik

Nøyaktig kor mange som var innom julemessa i Leirvik på laurdag er usikkert, men om ein skal nytte bollesalet på hotellet som indikator for besøkstalet var det fleire enn normalt.


140 skillingsbollar gjekk over disken på Hotel Sognefjord laurdag da den tradisjonsrike julemessa i Leirvik vart arrangert, og det er eit titals fleire enn det som vart selt i fjor, ifølge medarrangør Erna Braastad.

– Det var kanskje ein bolle eller to og litt risgrynsgraut igjen da vi stengte dørene, men det var alt. Folk kjem og går gjennom ein dag som dette så det er vanskeleg å få heilt oversikt over kor mange som har vore innom, men ut frå kor mykje mat vi selde var nok dette ei julemesse som var over snittet godt besøkt.

Braastad fortel at stemninga var god heile dagen på messa, og det same var tilbakemeldingane frå dei som stod på stands.

– Utstillarane meldte om godt sal, noko som og er eit teikn på at det var mange her. Heimelaga tradisjonsmat som lefser er særleg populært på messer som dette, men mitt inntrykk er at alle utstillarane hadde mange innom standane sine, og at dei var godt nøgde med dagen.

Ein kunne få kjøpe mykje fint på messa, og mange fekk nok gjort unna ein god del av julehandelen denne dagen.

Tok runden

Julemessa i Leirvik varte frå kl. 10 til 15, med julegrantenninga kl. 12 som eit lite avbrekk i all handlinga.

– Det er koseleg å kunne samlast her utanfor hotellet og sette lys på julegrana til flott julemusikk frå Fjordbrass. Men det var litt ruskete vêr under den seansen, så folk trekte fort inn igjen så fort lysa var tent og musikken over.

I tidlegare tider vart julemessa i Leirvik arrangert på senteret i bygda, men der vart det gjerne både trongt og kaldt, så no har den blitt flytta ned på hotellet. Både senteret og hotellet er eigd av ekteparet Erna Braastad og Roar Einen.

– Om det har vore ekstra mange utstillarar har vi gjerne måtte bruke senteret til stands og, men i år fekk vi plass til alle her på hotellet. Men det er no gjerne sånn at dei som kjem på messa på hotellet også tek ein tur oppom senteret når dei først er her. Butikkane på senteret hadde i alle fall godt besøk dei også denne dagen, så mange tok nok runden i sentrum under messebesøket sitt.

Den sjølvbetente butikken til Blomstertorget på Leirvik senter var betent for høvet denne dagen, og innehavar Perly Merete Sognnes melder om eit godt besøk også der.

Møteplass

Sjølvsagt var julenissen ein snartur innom Leirvik og denne laurdagen, noko som er ein sikker vinnar blant den yngre garden. Braastad fortel at det var mange smil å sjå under messa, og eit breitt aldersspenn. Ein skikkeleg familiedag, med andre ord.

– Det kan vere at det noko bedrøvelege vêret hadde ein viss innverknad på at folk fekk ekstra lyst til å vere inne og kose seg. Mange av dei som var på messa tok seg god tid, og det var ikkje noko stress og berre låge skuldrer å sjå. Det at vi har messa på hotellet gjer jo til at folk lett kan gå til og frå messeområdet og kaféen, noko som kanskje senkar tempoet noko, og gjer til at ein fort tek ein kaffikopp ekstra.

Hotel Sognefjord er ein sentral arena og initiativtakar til både julemessa og Sognefjordfestivalen sommarstid, og Braastad håpar at innbyggjarane i og rundt Leirvik set pris på arrangementa.

– Det er kjekt å kunne lage litt liv og røre, og vi både ser og får høyre at folk synest at det er moro at det skjer noko. Dette er møtepunkt der det sosiale kan vere vel så viktig som sjølve handlinga, og vi ønsker å gjere vårt så folk kan møtast og ha det kjekt saman her i bygda.

Det var kanskje litt ruskete vêr, men stemninga var likevel på topp da lysa på julegrana på plassen utanfor hotellet vart tent.

Fjordbrass stilte som dei pleier opp og spelte fin julemusikk til dei frammøtte.