–⁠ God avstand hindra større smitteutbrot ved FSS

– At våre tilsette heldt god avstand og elles følgde reglane for smittevern, har etter alt å døme hindra eit større korona-utbrot ved Førde sentralsjukehus.


Det meiner fagdirektør Evy-Helen Helleseth i Helse Førde.

Ein pasient med mistanke om koronasmitte var innlagt ved Førde sentralsjukehus i veke 8. Også veka før hadde same pasienten vore innlagt ved sjukehuset to døgn, utan at det på dette tidspunktet låg føre mistanke om smitte.

–Vi sette straks i gang med sporing av alle aktuelle nærkontaktar, og resultatet av dette arbeidet var fire andre pasientar måtte følgast opp. Av våre tilsette gjekk 14 tilsette frå fire ulike avdelingar ved Førde sentralsjukehus i karantene på slutten av veke 8, seier Helleseth til helseføretaket si eiga nettside.

Fagdirektør Evy-Helen Helleseth i Helse Førde

– Jobba godt
Status per i dag er: Ingen er lenger i karantene på grunn av dette utbrotet, og ingen har fått påvist smitte.

– Berre 14 måtte i karantene hjå oss, og dei fleste av desse var ute av karantene veldig  raskt! Dette er ein god indikasjon på at det har vore jobba svært godt med smittevern på sjukehuset, seier Helleseth og peikar på at liknande utbrot andre stader har medført at mange fleire har måtta gå i karantene.

Helleseth viser elles til at avstand framleis er det aller viktigaste blant smitteverntiltaka, og minner om at kravet om avstand gjeld for alle som er på sjukehuset - også dei som no er blitt fullvaksinerte.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.