Jenny Østerbø Breidvik og Emma Finden Tennefoss gjorde stor suksess med sitt innlegg om sosiale medier og korleis innhald der påverkar unge jenter i dag. (Alle foto: Monica Oppedal)

Fullt hus under 8. mars-arrangement

Det var mange som ville få med seg 8. mars arrangementet i Høyanger fredag.


Ein stad mellom 70 og 80 personar møtte opp – utelukkande damer – på Øren Hotel fredag, til ei samling omhandlande status for kvinner i 2024.

Det var eit breitt program denne kvelden med ulike innlegg, underhaldning, stands, åresal og ein spørjekonkurranse, og arrangementet var eit samarbeid mellom Høyanger sanitetsforeining og Høyanger Arbeidarparti.

– At vi slo kreftene våre saman om eit felles arrangement var nok lurt, både med tanke på oppslutnad og innhald. Dette er noko vi har snakka om tidlegare, og no når vi såg kor bra det vart inspirerer det til gjentaking også seinare, seier Monica Oppedal i Høyanger Arbeidarparti.

Berit Oma (t.h) i Høyanger sanitetsforening takkar leiar for kvinnenettverket til Vestland Arbeidarparti, Siri Sandvik, for innlegget under 8. mars arrangementet i Høyanger.

Vald i nære relasjonar
Sjølv om Arbeidarpartiet var med på arrangørsida, og leiar for kvinnenettverket til  Vestland Arbeidarparti, Siri Sandvik, heldt eit innlegg, understrekar Oppedal at det var eit partipolitisk uavhengig arrangement. 

– Eventuell partitilknytning spelte inga rolle, her var det tematikkar knytt til kvinner som var einaste fokus, og den raude tråden. Saniteten hadde eit godt innlegg ved Elisabeth Sæbø som mellom anna tok for seg vald i nære relasjonar og auka i talet på valdtekter, og Sandvik var også innom dette, mellom anna ved å nemne at halvparten av alle kvinner som blir drept i Norge blir drept av partneren sin. Ho understreka også at kvinnedagen ikkje er ein festdag men ein kampdag, og viktigheita av bevisstgjering og det å ta ansvar. Sandvik trakk til dømes fram at alle kommunar er pliktige å ha ein plan om kva ein skal gjere i tilfelle med vald i nære relasjonar.

Elisabeth Sæbø i Høyanger sanitetsforening talte til forsamlinga om hovudtemaet for kvelden, som var vald i nære relasjonar.

Unge stemmer
Jenny Østerbø Breidvik og Emma Finden Tennefoss, som er elevar på Høyanger vidaregåande skule, talte også til forsamlinga om korleis det er å vere jenter i dag og påverknaden sosiale medier har på dei. Dette vart eit ope og ærleg innlegg frå nokon som står midt i ei sårbar tid, og Finden Tennefoss kunne mellom anna dele at ho sjølv har ei spiseforstyrring. 

– Det var eit veldig modig og flott innlegg frå Jenny og Emma, og det var lærerikt for oss i salen å høyre på erfaringane og refleksjonane dei delte. Dette er noko fleire skulle høyrt, og vi er veldig glade for at i alle fall dei knappe hundre frammøtte fekk denne nye innsikten denne kvelden.