Fryktar at dei må gje opp treningssenteret



På kort tid har dei mista rundt 100 medlemmer. Det kan få dramatiske konsekvensar for vidare drift, fryktar paret bak Høyanger Treningssenter.


-Vi forstår at det kan vere vanskeleg å støtte opp om treningsenteret når ein ikkje lenger kan nytte seg av det, og ein gjerne sjølv er i ein vanskeleg situasjon på grunn av permitteringer og anna som følgje av koronakrisa. Men vi treng dei medlemmene vi kan få, seier Adrian Breidvik og Marita Aasen hos Høyanger
Treningssenter til Ytre Sogn.



Det er no rundt ein månad sidan dei - til liks med treningssenter over heile landet - vart tvungne til å stengje dørene på grunn av koronapandemien. På det meste var dei oppe i 350 medlemmer, men på kort tid har dei altså mista rundt 100, og dermed også ein betydeleg del av inntektene sine.



- Heldigvis sat vi med lite overskot på drifta då alt dette inntraff. Det har gjort at vi har klart oss så langt. Men det er ei grense for kor lenge vi kan fortsetje slik, og den kjem stadig nærmare.


Treningssenter stod nemleg ikkje på lista som regjeringa la fram rett før påske over verksemder som gradvis får opne igjen om dei følgjer gitte smitteverntiltak, som frisører og hudpleiarar.

Les meir i neste utgåve av Ytre Sogn!