Tor Martin Stenseng, Siri Myhre Otterlei og Tor Brekke fekk i byrjinga av juli overrekt æresmedlemsskap i 4H Norge frå styreleiar Martin Holmen. Brekke er frå Ortnevik, og fekk utmerkinga for 4H-innsatsen i Gambia. Foto: Beate Patay
Tor Brekke nytt æresmedlem i 4H Norge

Frå Ortnevik til Gambia

Tor Brekke frå Ortnevik har dei siste 50 åra engasjert seg i internasjonalt 4H-arbeid. No har han blitt æresmedlem i organisasjonen for det viktige bidraget til utviklinga av 4H i Gambia.


Det heile starta i heimbygda Ortnevik då 4H-klubben der vart stifta. Brekke vart raskt med, og har sidan vore medlem i organisasjonen.

– Det vart starta opp 4H i Ortnevik då eg var liten, og på den tida vart alle med. 4H var og er fortsatt eit tilbod for barn og unge for å lære seg forskjellige ting, reise på leir, og drive med andre kjekke aktivitetar. Det er og ein fin stad å møte nye menneske og få nye venar, så som ung gut var det kjekt å bli med.

Det vanlege 4H-løpet varer frå ein er 10 til ein er 19 år, men Brekke var ikkje klar for å forlate organisasjonen når han vart 19-åring.

– Mange likar seg så godt i 4H at dei fortset som 4H-alumnar. Då er ein med og legg til rette for 4H-arbeid for dei som er yngre.

Frå Noreg til Gambia

Brekke vart sjølv 4H-alumn, og byrja å organisere leirar og kurs for dei yngre medlemmane. Etterkvart kom og interessa for internasjonalt 4H-arbeid, og som 29-åring søkte han derfor på ei stilling i 4H i utlandet.

– Det er rundt 90 land som er med i 4H. På 90-talet søkte eg på ei stilling i Gambia, og fekk denne. Arbeidet i Gambia gjekk ut på å bygge opp 4H i landet, og eg vart verande der i eit og eit halvt år. Her arbeidde eg med organisasjonsopplæring og oppstart av ulike 4H-prosjekt som grønsakshagar, sauehald og andre aktivitetar som gav både matproduksjon og inntekter til landsbyane.

Då Brekke kom heim frå Gambia vart det ikkje sendt andre frå Noreg ned  for å fylle stillinga hans. Medlemmane i Gambia var no nemleg klare for å ta over 4H-aktivitetane sjølv, og starte opp fleire eigne klubbar. Brekke var likevel ikkje ferdig med sitt engasjement.

– Eg har organisert studieturar til Gambia heilt sidan eg var der i 1994. Etter dette har eg vore med på å organisere massevis av turar til landet, og har vore reiseleiar på så og seie alle turane eg har vore med på. No blir det organisert studietur til Gambia omtrent annakvart år.

Tilbake gong på gong

4H i Gambia har i dag 70 4H-klubbar med 14 000 medlemmer totalt. Under studieturane til Gambia bur deltakarane hos vertsfamiliar i ulike landsbyar, og får besøkt ulike stadar i landet. Her blir dei kjent med nye folk, ny kultur, og får opplevingar for livet.

– Det som dreg meg tilbake til Gambia gong på gong må vere dei gode møta og dei gode samtalane mellom dei gambiske og norske 4H-medlemmane. Her møtes folk frå verdas rikaste land folk frå eit av verdas fattigaste land, og vi ser at vi har mykje å lære frå kvarandre. Det har vore veldig meiningsfullt å få halde på med denne typen arbeid så og seie heile livet.

Brekke meiner at 4H i Gambia har vore med på å betre fleire liv i landsbygdene i landet.

– Du ser kor viktig og kor mykje 4H betyr for landsbyane i Gambia. Ein kan seie at 4H-arbeidet i Gambia er som 4H-arbeidet var i Noreg for 100 år sidan. Det handlar om å drive med kunnskapsbygging blant ungdom om landbruk og matproduksjon, som er utruleg nytting kunnskap å ha. Det er og med på å skape arbeidsplassar og betre helsa til menneske i Gambia. Det å kunne følge utviklinga som 4H i Gambia har hatt har vore grådig kjekt. 4H Gambia har vakse stødig sidan eg var der nede i 1994, og no er 4H Gambia faktisk større enn 4H Noreg.

Tilbakemeldingane frå deltakarar på studieturane inspirerer Brekke til vidare arbeid i 4H.

– Under førre tur var det ein som sa til meg at han hadde lært at det ikkje alltid er ein samanheng mellom livsvilkår og livskvalitet. Folk har gode liv sjølv om ein ikkje har så mykje materielt. Det har også vore ein utruleg fin gjensidigheit gjennom prosjektet heile tida. Vennskap og læring går begge vegar; frå Gambia til Noreg, og frå Noreg til Gambia.

Utmerkinga som æresmedlem i 4H med bakgrunn i den lange innsatsen og store engasjementet kom brått på Brekke.

– Eg vart veldig overraska! Eg vart invitert til landsmøtet for å halde eit innlegg om samarbeidet med Gambia, så eg visste ikkje om det i det heile tatt. Det var veldig gledeleg å få denne heideren, og eg kjem nok til å fortsette med 4H arbeidet i ei god stund til.