Frå løfte via truslar(?) til einaste løysinga


Hydro held fram sitt utidige press for å få Høyanger kommune til å seie ja til vindkraft-utbygging på Snøheia. Kommunen er eit uskuldig offer.

Hydro reagerer på ein måte er klanderverdig, men har sine årsaker. Problemet for Hydro, og dermed arbeidsplassane i denne hjørnesteinsbedrifta, er at staten har lagt bort den energipolitikken som tente lokalsamfunnn som Høyanger.

Etter folkemøtet om vindkraft og som kommunen arrangerte i januar, gav Hydro-direktør Eivind Kallevik eit løfte: «Vi satser på Høyanger uavhenig av denne prosessen». Det gav håp når han på sin måte sa at ein ikkje var avhenigig av vindkraft.
På HNU-møtet måndag var Hydro-direktør Ola Sæter flink i si beskriving av innsatsen og pågangsmotet til tilsette ved Hydro Høyanger. Tilsette var både framoverlente og langt framme i skorne, sa han. Så sant, som det er sagt!

Det er bl.a. dette som har lagt grunnlaget for resirkuleringsanlegget som reiser seg innafor og forlenginga av «Fundo-bygget». Dette er eit anlegg som viktig både for miljøet og for Høyanger. Dei som har kjempa fram dette, skal ha all mogleg fortent ros!

Men Sæter viste oss dessverre også Hydro frå ei anna side, som skapar avstand og redsel. Han viste til nedlegginga av det delvis Hydroeigde aluminiumsverket Slovalco som eit resultat av uhandterleg høge straumprisar.  

Mange har fått den oppfatninga at vindkraft frå Snøheia er Hydro sin hovudstrategi for elektrisitetsforsyninga til Hydro Høyanger. Hydro baserer det på at Snøheia vil bety 30 øre/kWh. Sa Sæter verkeleg til oss at Hydro Høyanger blir nedlagt dersom vi ikkje godtek vindkraft på Snøheia?

Om det er slik, så er det ikkje slik det skal drivast samfunnsutvikling i Norge.  
Sentrale styresmakter har lagt alt til rette for elektrifisering av og krafttilgang til sokkelen. Det avgrensar krafteksporten. Denne grønvaskinga av petroleumsnæringa gjer norske klimautslepp lågare, men globalt er alt som før fordi klimautsleppa då kjem utanlands.  

Kva om sentrale styresmakter prioriterte «elektrifisering» av norske aluminiumsverk ved at statseigde Statkraft gjer avtale om levering av kraft dit i staden for krafteksport? Det gir kanskje Statkraft reduserte salsinntekter, men er det ikkje verdt prisen når ein i Høyanger og Årdal kan setje elektrisk kraft i arbeid, skape arbeidsplassar og nye tiår med sikkerheit i lokalsamfunn i Distrikts-Noreg?

Statleg «elektrifisering» av aluminiumsverk vil redusere globale klimautslepp i motsetning til elektrifisering av sokkelen. Det skjer fordi alternativet vil vere aluminiumsproduksjon utanlands med el.kraft  basert på gass og kol. Tenkje globalt og handle lokalt VAR parolen i Noreg totalt sett, men no? 

Igjen må oppmerksamheita rettast overfor staten og norsk energiforsyning. Hydro må halde oppe kontakten med staten – ikkje med truslar som Røkke om rømming ut av landet, men ved å peike på moglegheitene gjennom styrka krafttilgang og nettløysing til Hydro Høyanger.

Då tenkjer ein heilskapleg og tek vare på alt det naturen i Snøheia gir. Men det sperrar også for framstøytar om vindkraft frå Fred. OIsen Renewables austafor Snøheia Industrikraft sitt planområde, i Sunnfjord-/Høyangerfjella, på for eksempel Storholsheia og Holsnipa, og i tilsigsområdet til hovuddrikkevasskjelda vår. 
Derfor handlar vi lokalt slik vi gjer!

Einar Rysjedal
Raudt

Hedda Indrebø 
Raudt