Foto: Nils Vibe-Rheymer/Hydro Foto: Nils Vibe-Rheymer

Første dag som Hydro-toppsjef for Eivind Kallevik

I dag tok Eivind Kallevik over stafettpinnen som leiar for Norsk Hydro ASA etter Hilde Merete Aasheim.


Eivind Kallevik kjem frå rolla som konserndirektør og leiar for Hydro sitt forretningsområde Aluminium Metal, ei stilling han har hatt sidan 2019. Frå 2013 til 2019 var han konserndirektør og CFO i Hydro. Før dette hadde Kallevik fleire leiande stillingar i Hydro, mellom anna i forretningsområdet Bauxite & Alumina og i Hydro sin nedstraums aluminiumsverksemd.

Det er med andre ord ein aluminiumsmann som no sit på toppen av Hydro-konsernet.

– Eg gler meg til å ta fatt på neste steg for Hydro saman med våre 32 000 dyktige og engasjerte medarbeidarar. Vår strategiske retning fram mot 2030 gir eit solid fundament å bygge vidare på. Hydro sin sterke posisjon med løysingar for lågkarbonprodukt gjennom heile verdikjeda gjer oss til leiande i det grøne skiftet med ei plattform for å akselerere og vidareutvikle våre strategiske partnerskap. Samstundes vil kostnadsstyring og kontroll og kontinuerlege forbetringstiltak forbli sentralt for Hydro, i kombinasjon med vår unike evne til å utvikle ny teknologi og gripe kommersielle moglegheiter, seier Kallevik sjølv i ei pressemelding.

Og nettopp det grøne skiftet, som Hydro har hatt stort fokus på i seinare tid, er noko som opptek den nye toppsjefen stort.

– Hydro er den leiande leverandøren av lågkarbon og resirkulerte aluminiumsløysingar. For å ta det neste store steget og vere ein pioner i det grøne aluminiumsskiftet, girar vi no om for å ytterlegare akselerere vekst, verdiskaping og berekraft.

Mot 2030 er det venta at etterspurnaden etter lågkarbonaluminium vil auke raskare enn den generelle etterspurnadsveksten.

– Vi har ambisiøse mål om fortsatt forbetring fram mot 2030, i tillegg til kommersielle mål. Vi vil ikkje kunne investere vidare, skape verdiar og levere på berekraft utan å kontinuerleg styrke vår kostnadsposisjon og lønsemd, seier Kallevik.