Elevar frå Bjordal skule var før sommaren fleire gongar på besøk i Lavik for å jobbe med elevar der i prosjektet Ung utopi. (Begge foto: Ingelin Holen)

Reiser til Oslo med lokale verdiar i bagasjen

7. klasse ved skulane i Bjordal og Lavik er to av elleve som no deltek i prosjektet Ung utopi. Denne veka er dei i Oslo på studietur.


Det er KLP som står bak Ung utopi, og målsettinga til prosjektet er å styrke barn- og unge i Norge sin framtidstru. I Bjordal er det lærar Ingelin Holen som har hatt ansvar for prosjektet.

– Vi som lærarar har vore i Oslo for å lære såkalla sokratisk dialog, og her heime har elevane jobba med å identifisere fire verdiar som er viktige for at dei skal trivst der dei bur.

Klassane i Bjordal og Lavik landa på natur, mat, aktivitet og glede som sine verdistikkord.

– Noko som er litt interessant er at dette er verdiar som også mange andre av klassane som er med i prosjektet har definert, så dette er verdiar som står sterkt uansett kvar i landet dei unge kjem frå.

Elevane har saman kome fram til kva som gir dei glede, og som gjer til at dei trivst der dei bur.

Skal presentere til kommunestyret

Arbeidet som klassane legg ned i prosjektet både før og no etter sommarferien skal presenterast for kommunestyret i løpet av hausten, til nytte og inspirasjon for lokalpolitikarane. Men før den tid samlar dei 250 involverte elevane seg i Oslo for ein workshop. Søndag sette elevane frå Bjordal og Lavik kursen mot hovudstaden, der dei skal vere fram til tysdag.

– Dette gler dei seg veldig til. Vi skal mellom anna innom operaen, Munchmuseet og Deichman bibliotek, og så blir det ein konsert med rapperen Arif. Det blir truleg det store høgdepunktet.

I Ung utopi er det med skular heilt frå Lyngen i nord til Vennesla i sør. Holen trur det er mykje lærdom å hente i å møte andre elvar frå andre stadar i landet, og bli kjent med deira perspektiv på eigen heimplass.

– Gamlebyen skole i Oslo er til dømes med, og for dei er jo det som skal skje i byrjinga av neste veke meir kvardag, medan det for oss og mange av dei andre klassane i prosjektet er heilt nytt og spanande å besøke desse kulturinstitusjonane i hovudstaden.

Elevane skal også delta i eit såkalla Utopiverksted der framtidsbilder ifølge KLP skal gjerast om til faktiske prosjekt.

– Nokre av spørsmåla vi reiser er korleis ein som ung kan bidra til lokaldemokratiet sitt, og skape ei framtid som er noko anna enn ei vidareføring av notida, seier Martin Stenstad i Ung utopi.