– Møtet er ope for alle, og vi håpar mange tek turen, seier (t.h) Berit Oma og leiar i Høyanger Sanitetsforening, Solveig Hellem.

Forfattarbesøk og historisk kåseri

Måndag 16. oktober inviterer Høyanger sanitetsforening til ope møte på Høyanger vidaregåande skule der forfattar Emma Husabø Manin kjem for å kåsere om livet i ei Sognebygd for rundt 100 år sidan.


68 år gamle Emma Husabø Manin, som er utdanna sjukepleiar og cand.san, er fødd og oppvaksen på Leikanger, men ho har budd storparten av livet i Stavanger. I 2020 debuterte ho som forfattar med romanen ”Barnet i veven”, ein sterk roman med fokus på kjærleik, barnløyse, gardslivet og framtidsdraumar, der forfattaren med god kunnskap om fjordbygdene si historie har lagt hendingane til eit fjordsamfunn i Sogn.

Kjærleik og utruskap
I forteljinga som startar i Solstrand i 1880-åra, og som går fram til 1927, følger ein dei to kvinnene Astri og Gunhild som kjem mykje tettare på kvarandre sitt liv enn dei ønsker. Årsaka er Håvard som er mannen til Gunhild, som ikkje klarer å gløyme ungdomskjærasten, Astri.

Sterke kvinner
Romanen gir ifølge bokmeldarar eit godt bilete på tidsepoken med industrialisering og endringar i landbruket der mellom anna tilhøva for jenter og kvinner vert teke opp, og ein møter nokre sterke kvinner som veit kva dei vil i ei brytingstid. 

Ein tematikk i den historiske romanen er det å følge tradisjonane i motsetnad til ”å få vere fri”.

Forfattaren sjølv meiner at ei skjønlitterær skildring av farne tider kan bidra til både respekt og innsikt for kvardagslivet som har utspelt seg. I 2022 kom Manin men sin andre historiske roman ”Mysteriet i veven”, som er oppfølgaren til ”Barnet i veven”. Begge bøkene er gitt ut av Kolofon Forlag.