For Anne Marie er ferie i Norge det opplagte valet


Namn: Anne Marie Merkesvik Fimreite
Arbeid: Sjukepleiar
Bustad: Høyanger
– Kvar reiser du på ferie?
– Vi er heldige som har ein stor familie, så mangel på plassar å reise er det ikkje. Med barn, barnebarn, nevøar og søsken spreidd over det langstrakte landet vårt så er det vanskeleg å ikkje vanligvis velje norgesferie.

– Kvifor?
– Som sagt så er familien ganske stor, og i feriene er det lettast å finne tid til å treffast.

– Nemn tre sjåverdigheiter folk bør få med seg der?
– Eg vil anbefale den flotte naturen i nord-Norge, dei nydelege Jærstrendene i Rogaland og den skjønne tretoppvegen i Fyresdal, Telemark!

– Eit godt restauranttips?
– Det er ikkje ofte vi går på restaurant, men eit godt tips eg har er pizza på Villani i Skoskredet i Bergen. Ein fersk italiensk pizza rett frå steinomn er det lite som kan slå. Men eg er personleg mest glad i god heimelaga mat.

– Turistfellene ein bør unngå?
– Alle plassar der ein må stå i kø. Det kan eg ikkje fordra.

– Kva souvenir bør ein ta med seg heim?
– Bilete! Eg har ikkje meir å sei der.

– Neste stad du planlegg å reise på ferie?
–  Kalvåg! Der har eg faktisk aldri vore, og eg gler meg veldig!

Jæren (Foto: Torgeir Esig Sørensen)

Kalvåg (Foto: Michael D. Turnbull)