«Ferjefolket – Storm og stille, fest og fødslar, kjærleik og kø» heiter boka, og i den har Folgerø samla spanande historier om folkelivet på ferjene langs heile kysten.
Forfattaren har opplevd stor suksess med dei to føregåande bøkene han har gitt ut om vegane på Vestlandet, så no var det naturleg for han å også sjå på «vegane på fjorden». – Ferjene er ein del av den vestlandske folkesjela, og ein del av vår identitet som vestlendingar, på godt og vondt. Vi både hatar og elskar dei, og dette tvisynet gjer at det er interessant å skrive om dei. Vi er avhengige av dei, og dei er ofte tett på livet i mange situasjonar. Fødsel og død, bryllup og gravferd. Dessutan har eg møtt mange hyggelege ferjefolk med interessante historier å fortelje. Og så er det jo ferjene som bitt vestlandsvegane saman.Eige kapittel
Eit av sambanda Folgerø har via merksemd i boka er Lavik – Oppedal. Der tek han for seg historia til sambandet, ei framtid med autonome ferjer, og ymse som har skjedd der opp igjennom åra. Ein god del av lystig karakter, men også noko meir alvorleg. Folgerø har mellom anna snakka med Morgan Waage, matrosen som i 2021 vart påkøyrd av ein irritert bilist over noko som var ein bagatell, men som fekk store konsekvensar. Waage vart skada, og har sidan den dagen ikkje vore i jobb. – Historia til Morgan Waage fortel noko om kor langt enkelte folk er villige til å gå for å presse seg fram i køen. Det er ei rystande historie om total mangel på folkeskikk og impulskontroll. For Waage er konsekvensane både triste og alvorlege. Han blei arbeidsufør, kanskje på livstid. Bilisten som køyrde på han slapp straff.