Fire nye smitta i Balestrand

Fire nye personar i Balestrand har testa positivt på korona.


Det betyr at totalt åtte personar i Balestrand har fått påvist koronasmitte denne veka. 

Dei fire er nærkontaktar av dei som alt var påvist smitta. Det er no 15 personar i karantene og 8 personar i isolasjon i kommunen. Kommunen følgjer situasjonen tett og held fram smittesporinga, melder dei på heimesida si.

– Vi har sendt prøvar til Haukeland sjukehus for å sjekka om dette er eit mutert virus, seier Arnstein Menes, ordførar i Sogndal kommune, til Sogn Avis. 

Han reknar med det kjem eit svar på dette spørsmålet rett over helga.

Kommunen har elles tett dialog med sentrale helsestyresmakter om kva tiltak som bør setjast inn. 

– Sidan ingen born er påvist smitta, vil ikkje skule og barnehage blir stengde, men det vil i dag, fredag, bli sett i verk forsterka tiltak.


Fleire tiltak
Kriseleiinga har i møte fredag morgon kome fram til følgjande:

* Set i verk ekstra tiltak på Sagatun skule og Sagatun barnehage, men held fram på gult nivå og legg vekt på å ta vare på born og unge. Det er ikkje påvist smitte i skule og barnehage

* Skjerpa besøkskontroll på omsorgssentera i heile kommunen

* Idrettslaget i Balestrand stenger idrettshallen mellombels for aktivitet i regi av idrettslaget, kommunen har stengt Belehalli for fritidsaktivitet.

* Stengt for fysisk oppmøte på innbyggartorga til kommunen. Du kan nå innbyggartorga på tlf. 57 65 25 00.

* Sogndal kommune oppmodar alle som kan -i heile kommune -  om å ha heimekontor. Utset møte som kan utsetjast, eller hald dei digitalt. Me vil minna om å halda avstand for dei som må vera på arbeidsplassane.

* Alle politiske møte neste veke vert haldne digitalt.

* Sogndal kommune oppmodar folk om å halda smittevernreglane. Ikkje reis på unødvendige reiser. Ikkje reis på unødvendige besøk.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.