Feriane til Jorun går dit det er internasjonale bibliotekmøter - eller nokre minutt inn i fjorden


Namn: Jorun Systad
Arbeid: Biblioteksjef
Bustad: Vadheim
– Kvar reiser du på ferie?

– Eg og mannen min er mykje av tida i feriehuset våres, nokre kilometer lenger inn i fjorden på Kyrkjebø. Det er huset til ei gamal bestefar og ein onkel, som vi set stor pris på. Der brukar eg mykje tid på å lese bøker. Dei lengre ferieturane har ofte vore knytt til bibliotekarrangement, og vi har vore i alt frå Japan, Sør-Afrika og Malaysia.

– Kvifor?

– Når ein har jobba med bibliotek på politisk internasjonalt nivå i så mange år, så er det sånn det blir. Vi reiser der møta er. Vi er også oppteken av å oppleve både kulturen og naturen på stadane vi reiser til.

– Nemn tre sjåverdigheiter folk bør få med seg der?

– Eg trur det den største opplevinga var å sjå Grand Canyon. Berre å få vere der var ei oppleving i seg sjølv. Dei store naturopplevingane er nok dei eg hugsar best frå reisene.

– Eit godt restauranttips?

– Eg likar god mat, men eg er nok meir oppteken av selskapet og dei eg er saman med.

– Turistfellene ein bør unngå?

– Eg har eigentleg aldri vore på turistferiar på den måten. Dei turane vi har hatt har som regel vore knytt til opplevingar. Og så møter då, for meg.

– Kva souvenir bør ein ta med seg heim?

– Vi har ein heil vegg med kjøleskåps­magnetar, det er det vi tek med oss heim.

– Neste stad du planlegg å reise på ferie?

–  Den går til Brisbane i Australia. Der er det møte.

Grand Canyon (Foto: Dietmar Rabich)

Brisbane, Australia (Foto: Kgbo)