Under overskrifta «Berga rentestøtte» i ei sak omhandlande årsmøtet til Høyanger Senterparti i Ytre Sogn 24. januar kunne ein lesa: « den største sigeren vår (SP) i 2024 var kanskje tilbakeføringa av rentestøtteordninga til nybygg i landbruket som HNU fjerna»
Det er direkte feil at HNU fjerna rentestøtteordninga. HNU si ramme til bøndene som bygger lausdriftsfjøs var kr 250.000 frå 2024. Eit samla styre i HNU påpeikte den viktige rolla som landbruket har i kommunen og total ramme pr bonde var sett til 250.000 i den nye ordninga som var vedteken i HNU. HNU ba kommunestyre vurdere kven som skulle administrere denne ordninga når den likevel burde via landbrukssjef i kommunen. Her var det mykje dobbeltarbeid og fakturering fram og attende mellom HNU og kommunen. HNU si ramme pr bonde som bygger ut til lausdriftsfjøs var frå 2024 kr 250.000 pr prosjekt. Rentestøtta frå HNU vart endra til kr 30.000 pr år i fem år, men i tillegg hadde HNU tilskot på kr 50.000 til planleggingskostnader og kr 50.000 til dekking av gjennomføringskostnader når ein bygde lausdriftsfjøs. Ramma pr bonde /prosjekt var såleis på kr 250.000. Kommunestyret vedtok rentekompensasjonsmidlar på inntil kr 40.000 pr år i fem år. Totalramme på inntil kr 200.000 pr bonde. Bakgrunnen til endringa HNU gjorde var at ordninga var veldig tungrodd når det gjaldt rente kompensasjonsmidlar og også at Innovasjon Norge (IN) auka tilskotet til bygging av lausdrift til kr 3,5 millionar pr bonde. I tillegg innførde IN inntil kr 100.000 til planleggingsmidlar. Innføringa av tilskot til planleggingskostnader frå IN ville medført at bøndene hadde nytta den ordninga, og HNU utbetalte difor i 2024 kr 40.000 i rentekompensasjonsmidlar pr bonde, noko som er same beløp som kommunestyret vedtok - så vidt eg veit samrøystes. Ingrid HeggøDagleg leiar HNU