Ytring i Ytre Sogn:

Er 50 vindmøller i Høyangerfjella redninga og nødvendig for industrien i Høyanger?


Det har vore sterk motstand i kommunen om vindkraftutbygging. Men Hydro seier no at verka i Høyanger treng ny kraft for å drive vidare etter 2030.

Eg har ikkje grunnlag for å tvile på Hydro når dei hevdar dette. Men eg har merkar meg at det i tillegg til Hydro er 2 andre firma, Eviny og Zephyr, som også vil vere med på utbygginga. Eg spør meg då: Er dei med berre av omsyn til industrien i Høyanger eller også for å kunne eksportere kraft?

Difor meiner eg: Dersom kommunen stiller seg positive til utbygging, bør dei også vere trygg på at vindkrafta verkelig kjem kommunen til gode og at det ikkje blir bygd ut meir enn nødvendig.

Eg tvilar på at utbyggarane kan gi noko bindande svar på dette. Som vi har erfart i den seinare tid, er energi blitt ei lønnsam eksportvare.

Difor kan eg berre sjå eit alternativ. Det er at NVE i konsesjonen for vindkrafta set krav om at krafta skal vere til lokal bruk. Men skal ein få det til, må nok saka løftast politisk over kommunenivå. Det bør bli ei prøvesak med omsyn til kva vilkår NVE kan sette i vindkraftkonsesjoner.

Kåre Skudal