"I Vestland fylke er den landbaserte industrien blant «motorane» i mange lokalsamfunn, som t.d. Odda, Husnes, Ålvik, Høyanger, Hyllestad, Årdal, Florø, Måløy og Svelgen." skriv dei sju Ap-ordførarane i innlegget sitt. (Illustrasjonsfoto: Geir Ove Elveseter)
YTRINGAR:

EØS avtalen er viktig for næringslivet i Vestland og Noreg


Sidan EØS-avtalen vart gjort gjeldande 1. januar 1994, har Noreg som nasjon erfart auka verdiskaping, kjøpekraft og sysselsetting. Avtalen er ei viktig årsak til dette, fordi norsk næringsliv har nytt godt av same føreseieleg marknadtilgang og standardiseringsreglement likt EU sine eigne medlemsland. 

EØS-avtalen har trygga økonomien vår, og tent oss vel i 25 år. Dei av oss som forsvarer avtalen må likevel sjå dei utfordringane avtalen fører med seg. Arbeidsinnvandringa, som vi er avhengig av, har skapt press på løns- og arbeidsvilkår i fleire bransjar, som t.d. bygg og anlegg. Difor er det viktig at Storting og Regjering tek politiske grep for å motverke ulempene. 

Fleirtalet på Stortinget vedtok i 2018, å stramme inn på bruken av innleigd arbeidskraft. Denne tilsettingsforma har breidd om seg og fortrengt faste stillingar i fleire bransjar. Stortinget si innstramming er eit prakteksempel på korleis vi kan hindre at EØS-avtalen gjev eit mindre rettferdig arbeidsliv. 

Med eit nytt fleirtal på Stortinget til hausten vil Arbeidarpartiet bruke handlingsrommet vårt betre.  Mykje meir kan gjerast for å sikra ordna forhold på arbeidsplassane og å motverke sosial dumping, og press på løns- og arbeidsvilkår i sektorar med mykje utanlandsk arbeidskraft. 

Vårt svar er å styrka arbeidsmiljølova.  Vi må arbeide for å redusere vår avhengigheit av   innleidd arbeidskraft, og å styrka Arbeidstilsynet. Etter åtte år med Høgre-styre er det mykje å ta fatt i innan arbeidslivspolitikken. Høgre, og ikkje EØS-avtalen, burde vore Senterpartiet sin hovudmotstandar i arbeidslivspolitikken. 

«Det finns gode alternativ til EØS avtalen», seier Erling Sande og Senterpartiet til Firdaposten 4. januar i år.  Men Sande har inga truverdige svar på korleis eit lite land som Noreg skal sikre seg marknadsadgang om vi seier opp EØS-avtalen. 

Skal ein «reforhandle» EØS-avtalen, må ein fyrst seie opp dagens avtale. Sveits brukte nærare ti år på å få løysninga dei har no. I Storbritannia har det vore fem år med kaosforhandlingar. Skadane for britisk økonomi i åra som kjem er lik koronapandemien sin skade på arbeidsplassar og bedrifter.  Skilnaden er at skaden kjem kvart år. 

Dette vil ikkje Sp snakke om.

Noreg som nasjon og norsk næringsliv kan ikkje risikera dette. Noreg vil ha ein langt svakare posisjon enn under EØS-forhandlingane for snart 20 år sidan. Då forhandla seks EFTA-land mot 12 EU-land. No vil det vere Noreg, Island og Liechtenstein mot eit EU på 27 land. Det er også sjølvsagt at Noreg sin forhandlingsposisjon er ein heilt annan enn Storbritannia si – som er eit av dei mest folkerike landa i Europa.  

EØS er viktig for arbeidsplassane på Vestlandet, til dømes i sjømatnæringa. EU utgjer 80 prosent av eksportmarknaden for fersk sjømat. Toll er eit område der EØS-avtalen har vore svært viktig. Før EØS var det 12 prosent toll på torsk og 7,5 prosent på sei og hyse. Avtalen gjev tollfri tilgang for fersk og fryst torsk, sei, hyse, kveite og blåkveite.  Dette er resultat   som i stor grad har komme norsk fiskerinæring til gode. 

I Vestland fylke er den landbaserte industrien blant «motorane» i mange lokalsamfunn, som t.d. Odda, Husnes, Ålvik, Høyanger, Hyllestad, Årdal, Florø, Måløy og Svelgen. Fleire år med kaotiske forhandlingar og uvisse er det siste industrien på Vestlandet treng no. Arbeidarpartiet vil heller sikre stabile rammevilkår og satse på industrien gjennom tilgang til rein kraft og støtte til nye investeringar. 

Difor skal vi komme med ein garanti: Med ei Ap-leia regjering vil marknadtilgangen industrien og sjømatnæringa har gjennom EØS-avtalen ligge fast. 

Petter Sortland, ordførar Høyanger kommune (AP)

Ola Teigen, ordførar Kinn kommune (AP)

Hilmar Høl, ordførar Årdal kommune (AP)

Roy Egil Stadheim, ordførar Vik kommune (AP)

Audun Mo, ordførar Lærdal kommune (AP)

Kjell Eide, ordførar Hyllestad kommune (AP)

Anne Kristin Førde, ordførar Bremanger kommune (AP)

Hva tenker du
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.