Oversiktsbilde over strekninga Myrmel-Lunde på E39.

Entreprenør er valt på E39 Myrmel-Lunde

Gulen-firmaet AS Birkeland Entreprenørforretning er tildelt kontrakten for bygging av E39 Myrmel-Lunde, med ein tilbodssum på 350 millionar kroner.


– No ser vi fram til å komme i gang med vegbygging på endå ein strekning av E39, og eg er trygg på at Birkeland Entreprenørforretning og laget dei har med seg vil gjere ein god jobb med veg og tunnel, seier prosjektleiar Svein Reidar Dale i Statens vegvesen om firmaet, som er heiomehøyrande i Gulen.

Prosjektleiar Svein Reidar Dale.


Oppstart i mai
På strekninga mellom Førde og Lavik har Dale alt leia utbygginga av Birkeland-Sande og Dregebø-Grytås, som stod ferdig i 2016. No går det mot kontraktsignering på den nye strekninga i midten av april. Hæhre Entreprenør, arbeidsfellesskapet Metrostav Norge og Bertelsen & Garpestad og Kruse Smith Entreprenør nådde ikkje heilt opp i konkurransen, og dei har klagefrist fram til midnatt 7. april, før kontrakten går til signering. Konkurransen vart gjort med prekvalifisering og forhandlingar.

– Vi ventar oppstart på veganlegget i mai, og det første som vil skje er tilrigging og klargjering av påhoggs-områda til den rundt ein kilometer lange tunnelen. Totalt vil det vere ein arbeidsstyrke på 70-80 mann på anlegget, inklusive vegvesenet sine eigne folk, seier Dale.

Dårleg standard
Vegprosjektet består av 3,7 kilometer ny E39, pluss ein del gang- og sykkelveg, to busshaldeplassar, to kryss i plan samt kommunale og private tilknytningsvegar. Eksisterande veg har i dag dårleg standard når det gjelder breidde, kurvatur og bereevne, og det er nedsett fartsgrense på strekninga. Det er heller ikkje gulstripe.

Ny veg vil gje mindre trafikk på vegen gjennom busetnaden på Myrmel. Avkøyrsler til E39 er redusert og kurvatur er retta ut etter krav i vegnormalane, noko som gjev lågare risiko for ulukker. Det blir bygd parallellførte traktorvegar på store delar av strekninga frå Lunde og vidare nordover mot Årstalet. Dette gir mindre køyring med landbrukskøyretøy på E39.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.