Éin koronasmitta i Høyanger


Ein person har testa positivt for korona i Høyanger.

Rådmann Kjellaug Brekkhus opplyser til Ytre Sogn at det er snakk om ein arbeidsinnvandrar.

Ho fekk beskjed frå smittevernlegen i Høyanger kommune laurdag kveld.

– Han vart testa ved innreise til landet, men testen var negativ.

Vedkommande har vore i kantene etter at han kom til Høyanger.

- Etter at han kom hit var han testa for andre gong, og den var positiv.

Brekkhus opplyser elles at den smitta kom til Høyanger saman med ein annan. Dei har også vore i karantene i lag. Ho reknar difor med at det kjem ein ny positiv test ein av dei neste dagane.

- I og med at dei to ikkje har vore i kontakt med andre, reknar vi å ha situasjonen under kontroll, seier ho til Ytre Sogn.

Smittesporinga er difor ferdig.

.