Døra smalt att bak ho i det Vera Virtanen gjekk inn i det som ein gong i tida var resepsjonen. I dag var det ein byggeplass, og lite minna om eit grandiost fjordhotell som husa dei rike og berømte for 100 år sidan. Hotellet, som hadde stått tomt sidan 1984, skulle no få nytt liv etter at ein del investorar hadde teke initiativ til å få den gamle hjørnesteinsbedrifta i bygda opp og gå att. I front for prosjektet var Andreas Hansen, barnebarnet til den siste eigaren av hotellet. Andreas var kjent i bygda for sine mange prosjekt, og sin luksuriøse livsstil med damer, bilar og champagne. Men ifølge han sjølv var han klar for å leggje det livet på hylla, og no skulle han på ny etablere seg i heimbygda. Og så klart skulle han gjere det med stil.
Vera Virtanen såg seg rundt i lokalet. Det var tomt og ho byrja å lure på om ho hadde komme på feil dag. Ho tok opp mobilen og opna kalenderen og fekk stadfesta at både dato og klokkeslett stemte. Ho la og merke til at ho ikkje hadde dekning på mobilen, og høyrde at stormen ute hadde byrja for fullt. Ho fekk ikkje tenkt ferdig tanken om korleis ho skulle reise heim igjen dersom stormen førte til stengde vegar, for plutselig dukka det opp ein skikkelse rett framfor ho.
– Hei, sa ein to meter høg mann, som rekte fram handa for å helse.
– Tore Klubben.
– Vera, svarte ho litt fomlete.
– Vera Virtanen. Eg er her for å snakke med investorane på vegne av lokalavisa.
– Ja, sjølvsagt. Tore Klubben gav frå seg eit smil og gestikulerte at ho skulle følge han innover mot spisesalen.
– Vera! Andreas Hansen kom mot ho med opne armar, klar for å gi ho ein klem.
– Så bra at du kom deg hit heilskinna. Kom og møt resten av gjengen.
Ho fulgte etter han inn i spisesalen, og vart letta over å sjå at litt av den gamle sjarmen til hotellet fortsatt eksisterte.
– Her inne har vi ikkje gjort noko enda, men fortvil ikkje, det er det neste på lista, sa Hansen, medan Vera bevega seg mot det store vindauget som gav ho orkesterplass til dei store bølgene som slo mot dei.
– Resten av hotellet er under konstruksjon, og det vert eit nytt hotell. Andreas Hansen gliste til ho, stolt av planane sine.
– Synd, svarte ho.
– Det er mykje historie i desse veggane.
– Og no skal vi skape ny historie, erklærte den nye hotelleigaren med optimisme i stemma.
– Noter deg det til artikkelen!
Etter ei omvising rundt i første etasjen fekk Vera endeleg møte nokon av dei andre. Tore, som ho alt hadde helst på da ho kom, kom saman med to kvinner inn i resepsjonsområdet.
– Møt tre av investorane, sa Hansen.
– Tore Klubben er ein erfaren hotelleigar frå Oslo, og han såg potensialet i fjordhotellet. Ida Mosund er ein lokal investor som skal vere delaktig i den daglege drifta. Ida smilte vagt til Vera.
– Og her har vi Tina Hansen, mi kone og «partner in crime». Hansen la handa rundt kona si. Vera, som alltid hadde vore god på å lese rommet, kunne føle energien frå dei to andre. Eit puff glapp ut av Ida, og Tore var kjapp med å dulte borti ho for å avverge ein situasjon.
– Og kor er resten?, spurde Vera, for å bryte opp den spente stemninga.
– Her kjem dei. Andreas Hansen gestikulerte mot trappa, og ned kom to menn. Begge så fulle at Vera venta på å at dei skulle rulle ned trappa.
– Velkommen til den neste store gullalder, sa den eine latterfylt og slo ut armane.
– Så kjekt at de kunne ta dykk ein pause frå øldrikkinga og slå dykk saman med oss, sa Ida Mosund sarkastisk.
Ida, som no stod ved sidan av Vera, fylte inn dei tomme linjene.
– Dette er Robert Berg og Henrik Holte. Begge er gamle klassekameratar av Andreas, og for å vere ærleg trur eg dei har vore så fulle gjennom prosessen at eg er usikker på om dei veit kva dei har sagt ja til. Vi kan berre håpe at dei fortset å drikke fram til hotellet går i pluss og alle vert nøgde.
Vera Virtanen var kanskje ikkje innfødd i bygda, men ho hadde budd der såpass lenge at ho visste godt kven dei var. Alle bortsett frå Tore Klubben og Tina Hansen. Ho drog kjensel på Tina. Ho klarte ikkje å plassere ho, men konkluderte med at det var fordi ho hadde sett Tina avbilda arm i arm med sin ektemann på store arrangement. Tore derimot, såg ho for første gong i dag. I eit håp om å få litt meir informasjon om gjengen, trådde Vera inn i si vante journalistrolle og stilte Ida oppfølgingsspørsmål.
– Kvifor seier du det?
– Ryktet har det til at Andreas er blakk på grunn av ei investering som tappa han for fleire millionar. Tore var med på det prosjektet, og for å gjere opp for gamle synder har Andreas gjeve Tore 30% av aksjane til hotellet heilt gratis. Andreas snudde seg difor til Robert og Henrik som begge har så mykje pengar at dei ikkje veit kva dei skal bruke dei på. Det var overraskande sidan dei tre ikkje var gode vener gjennom skuleåra. Men så glade som Robert og Henrik er i drinkane sine, så var det nok ei kort affære å få dei med på laget når dei først hadde fått ein whiskey eller to innabords. Andreas må ha vore ganske desperat for å gå til det steget å be Robert og Henrik om pengar. Det var nok den einaste utvegen for å ikkje miste firmaet som ville ruinere både han og Tore. Andreas har nok av fiendar om ikkje Tore skulle snu seg mot han og.
Vera hadde fleire spørsmål, men vart avbroten av Andreas Hansen som annonserte at det nærma seg middag, og at dei som ville gjere seg klare hadde tid til det no. Heile opplegget var gjennomført, det skulle han ha. Han hadde vore vag med detaljane, men Vera hadde fått inntrykk av at det var misnøye blant investorane. Oppussinga hadde teke lengre tid enn planlagt, og i løpet av helga skulle han overbevise alle saman om kor fantastisk dette ville bli. Han hadde leigd inn kokk og servitør for å gjere det heile realistisk. Å invitere Vera til å skrive om hotellet som skulle få opp att turismen og redde bygda si framtid, var nok ein gjennomtenkt plan for å vise dei alle at han meinte alvor. På veg mot romma brukte Vera høvet til å få meir informasjon frå Ida.
– Kvifor seier du at dei ikkje var vener? Etter mitt minne hang dei saman som erteris?
– Nja, nølte Ida.
– Andreas var for kul til å henge med Robert og Henrik. Dei fekk vere med på det meste fordi dei kom frå dei riktige familiane. Dei to sjølve hadde ifølge Andreas ikkje mykje å stille med. Eg kan hugse at Robert ofte gjekk tidleg heim frå skulen for å slippe å møte på Andreas og gjengen på vegen. Lærarane visste om det, men så har no Andreas alltid hatt sin sjarm og slapp unna med det meste.
– Og korleis har det seg at du er med på dette? Om eg hugsar riktig, så hadde vel du og Andreas eit av og på forhold i mange år før han flytta til storbyen?
Ida Mosund sette opp ein grimase som antyda at ho angra på forholdet.
– Jo, men det er ei livstid sidan. Andreas tok kontakt med meg på riktig tidspunkt kan ein seie. Eg var lei av jobben min, og han hadde eit tilbod som var for godt til å vere sant. Dette er heimbygda mi, og eg vil vere med å bygge den opp att. Så eg bestemte meg for å hoppe på.
– Og du synest ikkje det er vanskeleg å vere her med han og den nye kona? spurde Vera på veg opp trappa. Ho var så oppteken av å få med alt Ida hadde å fortelje, at ho gløymde å sjå kor ho gjekk og snubla i eit trappetrinn på vegen opp. Ho tok fatt i gelenderet for å støtte seg, men det hjalp lite sidan det var gamalt og ustødig.
– Nei, lo Ida.
– Eg unner dei glede og lykke i all framtid. Men no har eg heller ikkje tru på at dei vil vare. Forhold som er basert på løgn har ein tendens til å ta slutt.
– Løgn? Vera var nysgjerrig no.
– Tina heitte Strømmen før ho gifta seg. Og eg har vanskeleg for å tru at nokon med så mykje hat i seg kan plutseleg elske personen som tok alt frå dei. Men, det har eg ingenting med, eg skal berre fokusere på hotellet framover.
Ida gjekk inn på rommet sitt og lukka døra. Vera stod att med fleire spørsmål, men skjønte at ho måtte smøre seg med tolmod.
Tore Klubben var den einaste som hadde møtt opp i resepsjonen da Vera kom ned. Vera nikka og smilte til han, men før ho rakk å spørje kor resten av gjengen var, høyrte dei eit skrik etterfulgt av eit kraftig dunk. Rett framfor dei låg Andreas Hansen. Han hadde falle frå andre etasje, og låg no livlaus med armar og bein i ein slik posisjon som i grunn ikkje skulle vere mogleg. Sjokket vart avbrote av eit hyl frå Tina, som stod øvst i trappa. Robert og Henrik kom springande ned trappa. Dei hadde begge vakna ut av ølvimen i det dei høyrde hylet frå Tina, og skulle hjelpe til med kva enn det var som møtte dei. Dei hadde vore så opptekne av å ikkje dette i trappa at dei bråstansa da dei nådde det siste trappetrinnet og såg Andreas ligge på golvet. Henrik dytta bort i Robert, som snubla ned det siste trinnet, og velta ein stor blå vase ned frå ein pidestall slik at den knuste. Ida var den siste til å komme ned trappa, og ho stansa brått da ho fekk auge på scena framfor seg med knust vase, ei ubehageleg stille, og ein livlaus Andreas Hansen.
Tore var den første til å reagere. Han hadde skunda seg bort til Andreas, og rommet var stille medan dei venta på livsteikn frå både Tore og Andreas. Vera heldt eit auge på dei som stod i trappa, men dei var alle like sjokkerte over det dei hadde vore vitne til. Etter det som virka som ei livstid reiste Tore seg opp og fleire gisp slapp ut i rommet. Buksa og ermet til Tore var fulle av blod, og etterkvart kunne dei sjå blod frå Andreas legge seg rundt skuldrene hans og utover golvet som eit teppe.
– Nei!, skreik Tina Hansen, og sprang ned resten av trappa.
– Å herregud! Andreas! Tina rista i mannen sin i håp om at han skulle livne til, men det var forgjeves. Ut frå mengda av blod å dømme var det tydeleg at Andreas ikkje ville våkne igjen nokon gong. Robert gjekk forsiktig bort til Tina og la armen sin rundt ho for å geleide ho vekk frå Andreas. Tina skreik hysterisk, medan resten av gjengen stod stille.
– Han er død. Tore Klubben sjokkerte seg sjølv med utsegna, og tok nokre steg tilbake.
Han snudde seg mot dei som stod i trappa.
– Kva skjedde? spurte han roleg.
Alle såg på kvarandre, og alle venta på at nokon skulle svare.
Henrik, som hadde blitt edru på rekordtid, hadde forsøkt å få tak i politi og ambulanse. Vera, Ida, Robert og Henrik, som var oppvaksne i området, visste alle at med ein slik storm som det var ute ville dei ikkje få hjelp med første. Truleg var vegane stengde, og bølgene på fjorden var for store til at ein redningsbåt kunne leggje til kai.
– Vi må vente til stormen har lagt seg, fortsette Henrik.
– Meinar du at vi skal sitje her med ein død mann liggande i resepsjonen i heile natt? spurde Ida.
– Og kanskje med ein mordar blant oss?, la ho til, og såg seg rundt i spisesalen. Dei hadde alle samla seg der for å slippe synet av blod og død. Kokken og servitøren hadde spurt om dei ville ha mat, men ingen hadde matlyst i ei slik stund. Vera studerte dei alle, og av yrkesskade begynte ho å stille spørsmål for å finne ut kva som hadde skjedd.
– Ok, lat oss sjå på kva vi veit. Alle bortsett frå meg og Tore var i andre etasje da Andreas falt.
– Eller vart dytta, skaut Ida inn. Ingen sa noko, men alle sendte eit blikk til Ida som sa at dei ikkje sette pris på å bli beskyldt for det som nettopp hadde skjedd.
– Eller vart dytta, repeterte Vera, og nikka til Ida.
– Men kven av dykk hadde grunn til å dytte Andreas? Vera visste at ho ikkje ville få svar på spørsmålet frå dei som befant seg i rommet. Men Vera var ikkje ei som let spørsmål henge i lause lufta, og ho skulle komme til bunns i dette.
– Slik eg ser det hadde de alle ein grunn til å ønske Andreas død.
Rommet var framleis stille.
– Tina Hansen. Tidligare Strømmen. Du er datter av Steinar Strømmen.
Eg brukte litt tid på å setje puslebitane saman, men far din mista alt da Andreas fekk han med som investor på eit bustadprosjekt i Bergen. Andreas hadde leigd inn ulovleg arbeidskraft, og alle investorar trekte seg da dei ikkje ville vere forbunde med å bryte lova. Far din rakk ikkje å trekkje seg ut, og de vart nøydde å selje langt under det de hadde lagt inn i prosjektet. Steinar Strømmen sat att utan ei krone. Ifølge avisene vart far din så full av skam at det førte han i døden. Du må ha planlagt din hevn lenge når du går så langt som å gifte deg med mannen som tok alt frå deg.
Tina såg forvirra på Vera, men visste at ho ikkje kunne lyge.
– Ja, det stemmer at Andreas er ein del av grunnen til at eg mista far min. Men i dei mørkaste augeblinkane i livet, kan ein finne noko godt. Andreas var ein god mann, og til trass for alt, så elska eg han høgt.
– Eg trur på deg, svarte Vera.
– Det skal mykje til å forfalske den fortvilelsen du viste da du fekk vite at han var død. Men det var fleire av dykk som ikkje viste nokon kjensler i det heile tatt. Robert og Henrik, kor var de da Andreas falt?
– Eg var på rommet mitt, svarte Robert raskt.
– Og eg var på do, svarte Henrik, og fortsette å utdjupe sin historie.
– Eg hadde vore på rommet til Robert og vi skåla for den nye moglegheita vi hadde fått med dette hotellet. Vi har kanskje ikkje hatt det beste forholdet med Andreas, men på grunn av han har vi fått høve til å gi noko tilbake til bygda. Noko vi kan vere stolte av.
Robert sa seg einig med kameraten, og la til at dei hadde lagt bak seg dei dårlege tidene på barneskulen.
– Vi bar ikkje noko nag til Andreas. Han har gjennomgått mykje, og vi syntes i grunn litt synd på han. Vi har lenge snakka om å få hotellet opp og gå igjen, og med Andreas fekk vi den moglegheita.
Vera såg seg rundt i rommet, og dei mistenkte vart færre. Ho stod att med Ida som tilsynelatande var den minst sannsynlege til å ønske Andreas død, og Tore Klubben, som ho sjølv kunne gi alibi fordi han stod nede med ho.
– Da står vi att med dykk to, i tillegg til kokken og servitøren, sa Vera, og veksla mellom å sjå på Ida og Tore.
– Sidan Tore, kokken og servitøren var her nede med meg da Andreas falt, står vi att med deg Ida. Vera sette blikket i den tidligare kjærasten til den drepte, og venta på ei tilbakemelding.
– Men eg hadde ikkje nokon grunn til dytte han?
Ida Mosund virka fornærma over å bli beskyldt for noko så horribelt.
– Du seier det, men eit såra hjarte er i stand til dei mest utrulege ting. Som til dømes mord.
– Såra hjarte? spurte Ida.
– Eg og Andreas har ikkje vore eit par på mange år. Både eg og han har gått vidare med liva våre.
– Ja, det er sant at de ikkje har vore eit par på mange år, repeterte Vera.
– Men no veit eg at du ikkje har gått vidare med ditt liv, slik Andreas har. Eg trur du har venta på at han skulle velge deg, igjen.
Ida var stille medan Vera Virtanen la fram sin teori.
– Du var sint og såra. Du har oppført deg som om du ikkje bryr deg, men du hadde litt for mange meiningar om forholdet til Andreas og Tina til å vere nokon som ikkje bryr seg.
– Men om eg venta på at han skulle velge meg, kvifor skulle eg da dytte han i døden?
– Kanskje fordi om du ikkje kunne få han, skulle ingen få han?
Ida svarte ikkje, men Tina Hansen prøvde å få fram ord mellom tåretørking og hulking.
– Drap du mannen min? Fordi du var sint for at han valgte meg over deg? Tina såg på Ida og venta på svar.
– Greit, så var eg framleis forelska i mannen. Men eg drap han ikkje! Ida nølte ikkje med å bedyre si uskuld.
– Nei, dei gjorde du ikkje, stadfesta Vera.
Alle såg forvirra på ho.
– Men du var så sikker i din sak på at nokon dytta han i døden, kommenterte Robert.
Dersom det ikkje var nokon av oss, kven var det da?
– Eg trur på dykk alle. Ingen av dykk dytta Andreas. Gelenderet opp til 2. etasje var i dårleg fatning og det var berre eit spørsmål om tid før det ville gå gale. Andreas har nok falt utan at nokon dytta han eller hjalp til. Men han vart framleis drept.
Ho tok ein rundgang med blikket rundt i rommet, og skjønte at dei alle venta på hennar konklusjon.
– Det var ikkje fallet som tok livet av Andreas. Mest sannsynleg hadde han framleis puls etter fallet. I tillegg til nokre brukne bein, såklart. Men han kunne ha klart seg om han hadde fått hjelp i tide. Det var berre uheldig at det var feil person som sprang til for å hjelpe. Vera tok ein kunstnarpause,
– Det tok meg litt tid, men det var noko som ikkje stemte da Tore reiste seg opp. Han hadde blod på buksa, men om Andreas hadde fått blødning på grunn av fallet, burde Tore hatt blod på skjorta. Og så skjønte eg det. Tore hadde ikkje blod frå Andreas på seg, det var hans eige.
Tore protesterte, men ikkje nok til overbevise Vera.
– Du har mykje å tene på Andreas sin bortgang, ikkje sant? Eg vil tru det er pengar å hente på hans død, og du er desperat. I tillegg er du forbanna over at Andreas har kjørt dykk nærme konkurs.
Alle i rommet veksla mellom å sjå på Vera og Tore.
– Du såg ei moglegheit da han allereie var nede for telling. Du måtte tenke fort, og da Robert ved eit uhell knuste vasen var du kjapp. Medan du låg over Andreas tok du ein bit av den knuste vasen og stakk den inn i halsen til Andreas. Difor hadde du berre blod frå Andreas på ermet ditt. Blodet på buksa var ditt eige. Eg vil gjette på at du skar deg inne i handa da du stakk Andreas, og så fort du reiste deg putta du handa og biten av vasen du brukte til å drepe Andreas i bukselomma. Slik vart buksa di så raud av blod.
Tore sa ingenting. Det gjorde ingen av dei andre heller. Alt dei kunne høyre utanfor var lyden av stormen som herja.