Vindkraft på Snøheia og i Høyangerfjella

Det skal ofrast mykje i håp og tru


Snøheia og Høyangerfjella - for nokre er det for gale at dette massive fjellandskapet skal vere til glede og nytte for alle, når karrieremenneske ikkje får tyne lommebøkene våre på vindkraftutbygging der. Så det satsast hardt på å tvinge gjennom vindkraftutbygging. Vindkraftsaka har på eit vis blitt framstilt som eit ultimatum for framtida til Årdal og Høyanger. Men er vindkraftanlegg på høgfjella Sletterust og Snøheia den einaste realistiske løysinga som kan sikre konkurransedyktig kraftpris til Hydro og gjere det mogleg for eventuell utviding? Viss folk verkeleg hadde vore kjend med topografien og dei klimatiske tilhøva der, ville dei ha forstått kor vanvettige desse prestisjeprosjekta er. Å gje etter for presset frå toppen av Ap, LO og vindkraftbransjen, vil forverre situasjonen lokalt.

Det er i denne saka spesielt å sjå korleis toppkandidatar frå Høyanger Ap og Høgre, nærast fanatisk, tek til orde for konsekvensutgreiing, med påstandar om å få kunnskap og fakta på bordet. Eg skal la vere å fundere på om det er kunnskapsløyse og/eller forsøk på å halde eit positivt vindkraftsyn skjult. Men det tek ikkje godt ut å bruke vindkraftbransjen sine ord og ikkje vise tilstrekkeleg innblikk og forståing for ein slik prosess. På turlaget sin organiserte tur til Snøheia 20. august, såg eg ingen av dei som har tala positivt for konsekvensutgreiing. Så ein kan undrast kor mykje kunnskap og fakta dei faktisk har lyst å tileigne seg. Folk som er opptekne av dette temaet, forstår at ei positiv haldning til konsekvensutgreiing vil føre til ein prosess over fleire år, med eit utbygd vindkraftanlegg som det mest sannsynlege utfallet. Utforminga og utføringa vert først avgjort i trinn 6 i konsesjonshandsaminga, der kommunane verken vil ha mynde til å avgjere eller påverke.

Det er vidare naivt å tru at ei eventuell vindkraftutbygging her vil stanse på Snøheia. Med øydelagt natur, sundsprengd tilkomst og anna opparbeidd infrastruktur, vil Snøheia vere ein inngangsbillett til Fred. Olsen Renevables sin vindkraftplan for resten av Høyangerfjella. Lobbyisme og samarbeidstaktikk med press og trugsmål som vi opplever no, vil igjen kunne nyttast for å halde fram raseringa austover i fjella mellom Høyanger og Viksdalen. Det er ikkje utan grunn at nokre grunneigarar lenger aust, som ikkje bur og driv gard der, håpar på vindkraftutbygging på Snøheia.
Vi har vore plaga med vindkraftplanane i over 4 år, og dette halvåret har det vore eit stort press. Så til dette valet er det opplagt at vindkraft er eit viktig tema. For det er der denne saka vil bli avgjort. Vindkraft heng i hop med resten av det som skjer i kommunen, og ei eventuell utbygging vil ha sterk negativ påverknad på blant anna støy, bulyst, verditap, dyreliv, gardsdrift, natur, friluftsliv og turisme. Erik Øren sitt gode innlegg om vindkraft og drikkevasskjelder, bør vere tankevekkande for alle som vil ha reint drikkevatn.

Konsekvensar synleggjort i arkitekt Bård S. Solem sine visualisering, viser tydeleg kva utfallet av ei eventuell vindkraftutbygging vil bli. Sjå og forstå, og ikkje gøym dykk bak ideen om at konsekvensutgreiing må innhentast. Etter valet vil det bli eit råkøyr frå vindkraftbransjen i forsøk på å få starte konsesjonshandsaminga, som strategisk vert omtala som konsekvensutgreiing. I den samanheng ser det ut til at representantar frå Høyanger Ap og Høgre er villige til å ofre mykje i håp og tru.

Ove Hatlestad Solås