Holsnipvatnet, Steinbruvatnet og Storholsheia sett frå Holsnipa. (Foto: Ove Hatlestad Solås)

Det reviderte planområdet til Snøheia Industrikraft og litt til


I 2023 lukkast ikkje trioen Hydro, Eviny og Zephyr (HEZ) å få samtykke til vindkraftprosjektet på Snøheia. Ein medverkande årsak var fordi svært mange grunneigarar hadde teke eit verdival. Dette gjorde at Høyanger Senterparti den gongen hadde ei avvisande haldning til vindkraftutbygging på Snøheia. Så kvifor skal partiet no snu?

Vindkraftbransjen har store ressursar til å halde trykket oppe. Det er gjort grep. Dei har ekskludert grunneigarar i Vadheim, strekt planområdet rundt Monsdalen og fram til den ikoniske varden på Monsdalsknausen. Planområdet fortset austover til Storholsheia og nordover til Tormodsetfjellet og Flatefjellet. Planområdet er tett på den historiske ferdselsvegen gjennom Steinbrudalen og Steinbrua

Dette planområdet er meir direkte inngripande på tur- og rekreasjonsområdet til Høyanger. 

Kommunikasjonsrådgjevar Rolf Sanne Gundersen hjå Eviny, hevdar dei har signert inn dei fleste største grunneigarane, men at det også er små grunneigarar i området som er i mot. Kommunikasjonsrådgjevaren kan hevde det, men er det riktig? Det reviderte planområdet omfattar framleis større grunneigarar, som har eit tydeleg standpunkt mot vindkraftanlegg. 

Snøheia Industrikraft vil ikkje kunne bli bygd ut i berre ein kommune, slik som styreleiar John Helge Lunde i Sunnfjord Utvikling har fått seg til å fantasere om.

Heile fjellandskapet er i bruk til utmarksbeite. Sett i grunneigarperspektiv, må det også takast omsyn til grunneigarar utanfor planområdet. Høyanger Senterparti som gjekk til val for grunneigarar, må ta dette på alvor.

I planinativet til Snøheia Industrikraft, står det at vindkraftprosjektet skal jobbe for netto null tap av natur og at naturen er premissleverandør. Men i media er saka vinkla som at valet må stå mellom fin natur eller industriarbeidsplassar. Næringsfolk, politikarar og andre som ønskjer vindkraftutbygging, framsnakkar konsekvensutgreiing. Dei grunngjev det med at det er for å få fakta på bordet. Men det kan stillast spørsmål til påstanden om å få fakta. Tiltaket inneber blant anna å sprenge i sund deler av fjellet inn mot Storholsheia og dei andre fjelltoppane - det for å reise +50 vindturbinar, inkludert andre tekniske inngrep. Vindkraft er uregulerbar og prisdrivande (les behovet for systemkostnadar som balansekraft). Ei konsekvensutgreiing vil ikkje kunne svare ut korleis eit vindkraftanlegg driftsmessig vil fungere, og det føreligg lite og ingen erfaring med vindkraftanlegg i ein topografi på slike høgde over havet som her.

Det blir ofte stilt spørsmål om kunnskap er farleg, og det blir vist til at konsekvensutgreiing må gjennomførast. Vindkraftbransjen kan når som helst legge fram utgreiingar og vurderingar, uavhengig av kommunalt samtykke til å starte plan- og konsesjonsprosessen. Vindkraftbransjen har allereie fått konsulentar til å gjere feltarbeid, noko berre Fred. Olsen Renevables vedgår. Og om kunnskap er ufarleg - kvifor har ikkje HEZ synleggjort aktuelle turbinplasseringar og andre tekniske inngrep? For eit så omfattande vindkraftprosjekt HEZ ønsker å få gjennomført, hadde det ikkje vore urimeleg at visuelle konsekvensar vart lagt fram før politisk handsaming. Visualisering med perspektiv frå Blåfjellet som har god utsikt til planområdet, kunne ha gitt ei god forståing av omfanget.

Å få gjennomslag for vindkraftanlegg på Snøheia og Høyanger-fjella, er prestisje for vindkraftbransjen. Industriarbeidsplassar og kraftavtalar blir brukt som brekkstang for å få saka raskt handsama. Men folkevalde må vere kjend med at ein lokal aksept til planinitiativet inneber at vindkraftbransjen får eit faretruande forsterka fotfeste. Då er vindkraftbransjen kome i posisjon til å kunne fremje prosjektet til det endeleg vert godkjent. Frå energiministeren er det stort trykk på at det må etablerast meir vindkraftanlegg. Det blir jobba med å få innført Fornybardirektivet i landet.

Det blir hevda at det blir leita etter andre løysingar for å sikre industrien. Men så lenge det ikkje er lagt fram andre konkrete tiltak, eller at det blir jobba aktivt mot kraftpolitikken, - vil denne framgangsmåten bli ståande som eit udemokratisk og uverdig overtramp overfor kommunar og lokalsamfunn.

Ove Hatlestad Solås