lle tre leilegheietene har sjølvsagt altan. Her står hotelleigar Laurens Brock på ein av dei, nede i 1.etasje. Vegen ned til hotellbygget er, som biletet viser, ikkje lang.
Investerer fire millionar i nybygg

Det nye leilegheitsbygget til Lavik Fjord Hotell tek form

- Det er kjekt å sjå framgangen, seier Laurens Brock om nybygget som no har kome opp ved sidan av hotellet han og kona eig og driv i Lavik.


Tomta vart kjøpt tilbake i 2017, og paret bestemte seg etter kvart for å setje opp eit to etasjers bygg med i alt tre leilegheiter som dei kan leige ut til gjester.  Investeringa er på vel fire millionar kroner.

- I 1.etasje kjem det to leilegheiter på 44 kvadratmeter, begge med plass til fire personar, og i 2.etasje éin leilegheit på 70 kvadratmeter med plass til fem personar. Alle innheld stove med kjøken, soverom og bad, forklarar Laurens Broch når vi møter han på byggeplassen denne ettermiddag i januar, rett over ferjekaien i Lavik.

Utvendig er bygget omtrent ferdig. No er det innvendig arbeidet føregår. 

Ferdig til april
- No er dei i gang med inndeling av rom, og har byrja å setje opp veggar. Her, til dømes, kjem veggen mellom soverom og bad, seier han og nikkar mot Ole-Helge Solstad frå byggfirmaet med same namn, heimehøyrande i Sørbøvåg, som held på nede i 1.etasje, i lag med tømrar Martin Tonning frå Leirvik.



Det er Ryland Bygg, også dei frå nabokommunen Hyllestad, som leier prosjektet. Med seg har dei fleire lokale firma. Seinare kjem blant anna elektrikarar frå Elektrotek i Lavik og røyrleggjarar frå Skår VVS i Dale. 

- Sjølv om vi kom i gang inne litt seinare enn planlagt, går det raskt unna. Så vi reknar med å vere ferdige, til 1.april, når sesongen byrjar. Det vil seie at vi har 2,5 månad på oss, seier Broch og fortel at møblar og anna som skal inn i dei tre leilegheitene er bestilt. 

- Så vi  skal nok klare det.

Då blir også namnet endra til Lavik Fjord Hotel & Apartements. 

Stadig utvikling
Sjølv tykkjer han det er spennande å følgje arbeidet, og er stadig innom  nabotomta til hotellet.

- Det er ikkje minst kjekt å sjå framgangen, seier Broch og påpeiker at for dei handlar det om stadig å utvikle bedrifta, som i dag har fire tilsette på heiltid og fleire på deltid.

Det er også bakgrunnen for at dei gjer nye investeringa omtrent kvart år. Blant anna er alle ti romma på hotellet no oppgraderte. 

- Difor brukte vi også rundt 800.000 kroner i fjor på å oppgradere restauranten. Vi er ei lita bedrift, ja. Like fullt er det viktig at vi stadig utviklar oss. For oss betyr desse leilegheitene at vi får eit nytt bein å stå på, ved at vi får ein ny, større marknad. .Desse leilegheitene passar jo for familiar og andre som vil bu lenger, enn det gjester på hotellet vanlegvis gjer, påpeiker han.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.