Eit samrøystes kommunestyre vedtok å akseptere Innovasjon Norge sitt tilbod om gjeldssanering, i det næringssjef Ingrid Heggø kalla den viktigaste enkeltsaka for å få nye arbeidsplassar til kommunen.
Ekstraordinært kommunestyremøte:

–⁠ Den viktigaste enkeltsaka for nye arbeids­plassar til kommunen

Eit ekstraordinært kommunestyremøte stemde samrøystes for å akseptere vilkåra til Innovasjon Norge, og med det blir over 4,2 millionar i gjeld vekke med eit pennestrøk.


Som Ytre Sogn skreiv i nettsaka 19. mai, sit Hjetland Industripark, kommunen sitt eigedomsselskap som eig Fundo, på gamal gjeld frå tida då Saint Jean Wheels prøvde å få i gong ny felgproduksjon i Høyanger.

Det dreier seg om to lån frå Innovasjon Norge, eit debitorskiftelån på 9,2 millionar kroner, og eit risikolån på 6,2 millionar.

Stryk 4,27 mill
Tilbodet frå Innovasjon Norge på å få gjort noko med denne gjelda er at dei enkelt og greitt stryk 80% av uteståande gjeld som ikkje er dekka i pant. For Hjetland Industripark vil det sei at 4,27 millionar av risikolånet blir ettergitt mot at ein betaler inn det som står igjen, samt renter og eit avdrag på rundt 200 000 kroner.

Med andre ord, betaler Høyanger kommune inn 2,4 millionar kroner til Innovasjon Norge no, så er heile lånet på 6,2 millionar ute av verden.

– Dette er ein veldig god deal, folkens, sa næringssjef i Høyanger kommune, Ingrid Heggø, til kommunestyret førre torsdag.

Ekstraordinære møter
Fristen for å svare på tilbodet til Innovasjon Norge var sett til 31. mai, og kommunestyret kalla dermed inn til både ekstraordinært formannskapsmøte og ekstraordinært kommunestyret i morgontimane måndag.

– Dette er den viktigaste enkeltsaka, den som betyr mest for å få nye arbeidsplassar til kommunen, fortalte Heggø i ein kjapp replikk før avstemminga.

Og det gjekk ikkje mange minuttane frå møtet var sett til varaordførar Geir Helge Østerbø kunne klubbe inn eit samrøystes vedtak på akseptere tilbodet frå Innovasjon Norge.

Det ekstraordinære kommunestyremøtet vart arrangert på Teams klokka 09.00 mandag morgon. (Skjermdump)
Krav

Innovasjon Norge sette også nokre tilleggskrav til kommunen og Hjetland Industripark for å ettergi 4,27 millionar. Kommunen må overføre ny eigenkapital til industriparken på 2,5 millionar, og her er vedtaket at ein million av dette vil vere eit lån.

Då er det slik at Innovasjon Norge er den som må godkjenne om dette lånet kan betalast renter og avdrag på, og slik sikre at ikkje ei tilbakebetaling til kommunen blir prioritert medan ein arbeider med å få aktivitet på plass i Fundo-bygget.

Truverdig
Dagleg leiar i Hjetland Industripark, Tommy Ølmheim, fortel at denne eigenkapitalen er nødvendig for at selskapet skal vere truverdig når dei skal selje inn Fundo til nye prosjekt.

– Vi har forhandla med Innovasjon Norge sidan i fjor haust, og noko vi har jobba mykje med er å skå på korleis Hjetland Industripark er strukturert for å kunne vere eit godt vertskap for nye verksemder. Med denne eigenkapitalen er vi i ein betre posisjon til å tilpasse, oppgradere og halde vedlike eigedommen. Det er viktig med tanke på å vere truverdig når vi pratar med potensielle aktørar, seier han til Ytre Sogn.

Næringssjef Ingrid Heggø og dagleg leiar i Hjetland Industripark, Tommy Ølmheim under kommunestyremøtet måndag morgon. (Skjermdump)
Krevjande utgifter

I tillegg kjem må også uteståande kommunale avgifter og strømutgifter betalast, pålydande 942 000 kroner. Alt i alt må kommunen ut med 5,88 millionar kroner, eit beløp som må dekkast av driftsmidlane til kommunen då kommunelova ikkje opnar for lånefinansiering av innskot og ny kapital.

– Det vil vere krevjande med tanke på kommunen sin økonomiske status i 2022, og vil gje administrasjonen ytterligare utfordringar med å dekke inn dei tapte kraftinntektene, skriv sakshandsamar, økonomisjef i kommunen Kristian Ølmheim, i sakspapira til det ekstraordinære kommunestyremøtet.

Ingen alternativ
Men som Monica Sunde Tjønnas sa, som den einaste som tok ordet i saka:

– Høgre meiner vi ikkje har noko anna alternativ enn å sei ja til til tilbodet frå Innovasjon Norge.

Noko anna ville med alt sannsyn enda med konkurs for Hjetland Industripark, og ein enorm kjepp i hjula på arbeidet vidare med å få ny aktivitet inn i Fundo-bygget.

God tru
Men med vind i segla på Fundo, har Ølmheim god tru på at dei vil nå dei måla dei har sett seg når det kjem til å få inn ny aktivitet i bygget. Ein reknar med omlag tre millionar i leigeinntekter allereie i år, og Petter Sortland har omtala dei økonomiske forholda etter gjeldssaneringa som «veldig behagelige». 

– Det vil framleis ta ei tid før Hjetland Industripark har ei positiv underliggande drift, men dette er ei investering for å vere attraktiv for framtidige investeringar. Og så har vi tru på at vi skal få til dei prosjekta og nå dei måla vi har sett oss med næringsparken, seier Ølmheim.

Tommy Ølmheim fortel at det framleis kan bli ei stund til Hjetland Industripark går i pluss, men at dei har god tru på å gjennomføre kommande prosjekt og nå mål som er sett.
Synfaring

Og møteleiar Østerbø oppfordra etter vedtaket ordførar og Hjetland Industripark på å byrje det neste kommunestyret på Fundo, men ei synfaring av lokala og ein oppdatering frå Høyanger Næringsutvikling.

– Vi har dei siste åra spytta mykje pengar inn i Fundo. Og så er det ein moglegheit til å få få sjå kva anna som rører seg i næringslivet i kommunen.