Einingsleiar kultur og mangfald i Høyanger kommune, Jeanette Wølke Friis Walsvik, fortel om godt brukte BUA-kassar og gode tilbakemeldingar.
– Desse kassane har vore eit svært populært tilbod, og utstyret i dei har blitt brukt gjennom heile året så lenge dei har stått ute. No blir det spanade å sjå om responsen i år blir like god som den vart i fjor. Dei ulike kassane i dei ulike bygdene er ulikt utstyrt ut frå kva typar aktivitetetar som er mest relevante på stadane kor dei står. – Nokre kassar står ved skular, og innhaldet i dei har blitt brukt så og sei heile døgnet. Andre stadar står kassane på populære friluftsområde. Kassen i Ortnevik har til dømes mykje utstyr relevant for strandaktivitet, medan kassen på Kyrkjebø har tennisutstyr sidan den står like ved ei tennisbane.Kassen i Ortnevik er plassert ved stranda, og er som dei andre kassane rikhaldig utstyrt med utstyr relevant for aktivitet på staden den står på.
BUA-kassar på plass i Høyanger
Høyanger kommune gjentek suksesen frå i fjor og har dei siste dagane plassert ut fleire kassar med BUA-utstyr rundt om i kommunen.