Brot på sjøkabel fører til manglande mobildekning

Eit brot på ein sjøkabel utanfor Kyrkjebø i Høyanger fører til at fem mobilstasjonar i Høyanger og Gulen kommune er nede.


Høyanger kommune melder at Telenor er i kontakt med entreprenør om vidare framdrift, men førebels rettetid er ukjend.

Brotet fører til redusert til ingen dekning i område rundt Sognefjorden mellom Kyrkjebø og Breidvika. Fergeleia i Lavik og på Oppedal er blant områda utan dekning.

Telia sitt dekningskart indikerer utfall i same område, medan nødnett har dekning i berørte område. Så lenge det er dekning frå ein mobiloperatør i eit område er det mogleg å ringe nødnummeret via roaming hos andre operatørar som har dekning.

Til Firda seier dekningsdirektør i Telenor, Bjørn Amundsen, at kabelen er heilt avbroten.

– Eg kan stadfeste at kabelen har ryke av heilt. Sognefjorden er djup, og vi må legge fleire kilometer med ny kabel. Eg torer ikkje estimere noko tid for retting, men eg trur vi snakkar fleire veker, seier dekningsdirektør i Telenor, Bjørn Amundsen, til Firda.