Søndag ettermiddag braut det ut brann i terrenget på Sørbøvåg i Hyllestad kommune. Brannvesenet fekk raskt kontroll på brannen etter at dei kom til staden. (Alle foto: Hyllestad brannvesen)

Brann i terrenget på Sørbøvåg

Søndag rykka naudetatane ut til terrengbrann i Hyllestad. Ein person vart sendt med ambulanse etter å ha fått i seg røyk.


Vest politidistrikt melde søndag i politiloggen at naudetatane klokka 15.34 rykte ut til ein brann i terrenget på Sørebøvåg i Hyllestad.

Personar på staden skal ha forsøkt å sløkke brannen, og fått i seg røyk. Meldinga frå Vest politidistrikt fortalde at klokka 16.07 var brannvesenet framme på staden og hadde kontroll på brannen.

Fekk fort kontroll

Brannsjef i Hyllestad, Atle Tonning, fortel at det var hektisk da dei først kom til staden.

– Men vi fekk fort bra kontroll på brannen når vi fekk vatn på plass.

Brannsjef i Hyllestad, Atle Tonning, fortel at det var godt oppmøte på uttrykkinga, og sjølv om det berre var ein person på vakt, møtte det 12 brannmannskap.

Han fortel at dei som var på staden før dei kom hadde gjort ein god jobb med å forsøke å sløkke brannen, og at dei mest sannsynleg har brukt bøtter med vatn, noko som gjorde det lettare for brannmanskapet når dei kom.

– Det heldt på å spreie seg til ei campingvogn som stod i området, og det var også litt vind i området som blåste mot denne campingvogna. Men dei som var der hadde gjort ein god jobb, det kan ein trygt seie, fortel Tonning.

Ein person vart sendt med ambulanse etter at dei som var på staden hadde forsøkt å sløkke brannen. – Dei som var der hadde gjort ein god jobb, det kan ein trygt seie, fortel Tonning.

Ein sendt med ambulanse

Tonning fortel at det vart eit godt oppmøte av brannmannskap denne ettermiddagen, og sjølv om det berre er ein person som er på vakt var det heile tolv stykk som møtte opp til utrykkinga.

– Så folk er klare til å gjere ein innsats, seier han, og legg til at det også ved bilulykka tidlegare i helga hadde vore veldig godt oppmøte.

Ambulansen var også raskt på plass da den tilfeldigvis var på Eiklund denne dagen. Ein person vart ifølge Vest politidistrikt sendt med ambulansen etter hendinga, etter å ha fått i seg røyk.

Tonning fortel at han ikkje kjenner til årsaka til brannen.

Brannvesenet i Hyllestad kjenner ikkje til årsaka til brannen.