NYTT INNSLAG FRÅ YSTV:

Blomsterprakt i Høyanger sentrum

Blomstrar i alle fargar og fasongar prydar Høyanger sentrum, til glede for både fastbuande og tilreisande.


Dei kommunale blomstrane i Høyanger sentrum får godt stell av kommunegartnar Per Gunnar Thue og assistent Evy Kristine Johnsen Forthun. I dette YSTV-innslaget fortel dei om arbeidet, og korleis dei planlegg sommarens blomsterpryd alt fleire månadar før det byrjar å spire og gro.