Foto: Anders Braanaas

Blir vi ført bak lyset?


«Det er superdemokratiske prosessar det her», sa direktør Olav Osvoll i Eviny til lokalavisa Ytre Sogn nett før jul i fjor.

Dersom Osvoll og Eviny ville bidra til demokratisk prosessar, burde dei forlengst ha konkretisert og offentleggjort planane dei har med Snøheia saman med Hydro og Zephyr. Så kunne vi veljarar ha spurt partia kva dei meiner om planane og stemt på dei partia og listekandidatane som vi har tru på kan fremje vårt syn på vindkraft-planane.

Vi burde nemleg kunne ha meir trua på eit kommunalt eigd kraftselskap som Eviny enn selskapet sine medsamansvorne, Hydro og Zephyr (i alle fall Zephyr).

Eg hugsar Zephyr frå folkemøtet som Høyanger kommune arrangerte før kommunestyrevalet 2019. Dei viste oss ikkje kartet med kvar dei ville plassere ut vindturbinane og dei «blåste av» spørsmålet om støy ute i den naturen som vi søker for å oppnå fred og ro. Kartet fanst visst, men skulle ikkje visast.

I fjor haust uttala Osvoll, adm. direktør i Eviny Fornybar, at dei ville ikkje ta oppigjen vindkraftplanane før kommunane ønskte det. Ein blei freista til å tru på dette.

Men det skulle vise seg at det var ingen grunn til å feste tillit til dette. Offisielt skjedde det deretter ingenting før Eviny, saman med Hydro og Zephyr, ei veke før jul, lanserte Snøheia Industrikraft. Eg såg i den samanhengen ikkje noko som tydde på at dette var noko kommunane ønskte seg til jul.

Så kan vi sjå det vetle vi veit om Eviny sin fellesplan med Hydro og Zephyr. «Julegåva» dei kom med opplyste om 50 vindturbinar på 22 kvadratkilometer. Det er omtrent så tett som Fred. Olsen sin plan i Høyanger-fjella.

Eviny og Hydro/Zephyr har no arbeid i snart eit år med dette prosjektet.

Kvifor viser ikkje Eviny oss plasseringa av turbinane? Kvar skal turnbinane plasserast i forhold til turrutene som blir brukt sommar og vinter? Skal området avsperrast når det er fare for iskast? Kva referansar har Eviny til turbinplassering i over 1000 meter høgde? Kor høge, dvs. dominerande, skal turbinane vere? I presentasjonen er høgda oppgitt til 190-250 meter. Det må vel gå an å vere meir presis?

Eg stiller spørsmåla til Eviny/Osvoll fordi det var du Osvoll som uttala «superdemokratiske prosessar». Eller skal vi først etter valet få greie på kva trussel vi står overfor? Så langt verkar ikkje Snøheia Industrikraft-troikaen eit hakk meir akseptable enn Fred. Olsen sine agentar og deira trussel mot resten av Høyanger-fjella. Eg fryktar at dersom troikaen får byggje ut Snøheia, vil Fred. Olsen krevje likestilling – og få det.

Terje Norevik
Industri- og naturentusiast