Bispestova vert opna for publikum


–Restaureringa av Bispestova har strekt seg over fleire år, men no er vi komne så langt at den kan opnast for publikum, seier Bjarne Hellebø i Venneforeininga for Bispestova i Lavik. Torsdag er det offisiell opning.

– Mange er spente på korleis det har blitt etter åra med rehabilitering. Så vi håpar at mange finn vegen til opninga no på torsdag. Dei vil blant anna kunne få med seg utstillinga «På den gamle garden» oppe på loftet. Der vert vist døme på ein del handverk og arbeids-oppgåver som var vanleg på gardane i bygda frå rundt 1900 og framover. Elles vert det også musikkinslag, samt enkel servering, seier Bjarne Hellebø, som er leiar i Venneforeininga for Bispestova i Lavik, til Ytre Sogn.

Sjølve opninga er det Anita Nordheim, kommunalsjef for kultur og folkehelse i Høyanger, som vil stå for.

Når vi møter Hellebø ved det over 200 år gamle freda bygget, er han og eit par av dei andre medlemmene i venneforeininga igang med siste finpussen til opninga. Tilsaman har rehabiliteringa teke sju-åtte år.

- Vi prata om det seinast i dag at om vi ikkje hadde oppdaga roteskadene den gong i 2011, som følgje av lekkasje i taket, er det ikkje sikkert at vi hadde greidd å redde bygget. Det er vi sjølvsagt glade for i dag når vi ser korleis det har blitt. Det kan jo ikkje samanliknast med korleis bygget såg ut då, etter å ha stått ubebudd i mange år, seier Hellebø.

Les meir i neste utgåva av Ytre Sogn!