Aksjonen som i år går til Redd Barna sitt arbeid for barn som er ramma av krig og konflikt, er ei viktig sak som Kyrkjebø barnehage ønskte å vere med å bidra til.
– Vi hadde lyst til å vere med å bidra til Redd Barna sin innsamlingsaksjon der det på eit foreldremøte i starten av månaden kom forslag om å arrangere eit sponsorløp. Løpet og løypa som vi hadde laga til rundt tennisbana på Kyrkjebø vart arrangert på torsdag og gjennomført med bravur av alle 24 barna i barnehagen her, seier pedagogisk leiar Kristin Raa Haugland til Ytre Sogn. Sponsa kvar rundeHo legg til at pengane som vart samla inn vart gitt anonymt via Spleis. – Foreldra fekk med seg eit skjema heim der dei og andre familiemedlemmar kunne sponse valt sum for kvar runde som barna fullførte. To av dei sprang heile 31 rundar kvar, og det var veldig imponerande. Kjekt å hjelpe
I tillegg til pølsegrilling, leik og moro nede på idrettsbana, vanka det både diplom og refleks til alle barna som takk for innsatsen. – Vi hadde ein prat i forkant av denne løps- og aktivitetsdagen der vi informerte barna om kvifor vi skulle gjere dette, og kven desse pengane skal gå til. Tilbakemeldinga dei kom med var at dei tykte det var veldig fint at vi saman kunne vere med å hjelpe barn som ikkje har det så bra. – Det at vi har fått inn over 20 000 kroner til aksjonen er utruleg kjekt, og mykje meir enn vi hadde trudd og håpa på, avsluttar Haugland.



