Barnehagedagen 14. mars 2023


14. mars vert Barnehagedagen arrangert. Dagen vert markert over heile landet for å synleggjere kva barna erfarer og opplev i barnehagen. Årets markering set søkelyset på betydninga av fleire tilsette i barnehagen med slagordet «liten og stor». Men korleis er det eigentleg med bemanningen?

I Norge er bemanningsnormen tre tilsette på 18 barn (9 under 3 år). I realiteten er det få timer for dagen der det er full bemanning. 

Utrekning frå Hjetland barnehage viser:
Barnehagen er open 47.5 timer pr veke, 9.5 timer pr dag. 
Pga turnus når åpningstida er lenger enn ein normalarbeidsdag, er det tre stk. på avdelinga kun frå 8.50-14.05, altså 5.15 t pr dag. Minus 3x30 min pause, da står vi igjen med 3.45 t.
3,45x 5 dager = 18,45 timer i veka.
Pedagogane skal ha 4 timer kontortid pr veke til planlegging, dokumentasjon, vurdering, evaluereing, og oppdatere seg fagleg.  Da står det igjen 14.45 timer. Minus to timer møtetid (ped.leiar og avd.møte) = 12.45 timer i veka med tre vaksne pr avdeling. 
I tillegg er det ein person på morgonmøte ca 15 min kvar dag, det vil komme møter med eksterne folk (PPT o.l.) og foreldresamtalar. Pr dag er det altså maks 2,5 timer der det er 3 vaksne samtidig på avdelinga. Det er under 25 % av barnehagens opningstid. Veldig ofte er det enda mindre. 

Utdanningsforbundet i Høyanger har ønska å kartlegge kor mykje av pedagogen si arbeidstid som er i samspel med barn og kor mykje tid som går vekk til praktiske arbeidsoppgåver. I veke 6 og 7 har totalt 11 pedagoger i Høyanger kommune notert kva dei bruker tid på kvar dag. Kartlegginga syner at dei kvar einaste dag må bruke tid på praktiske arbeidsoppgåver utan barn tilstades. Døme på dette er; Vaske bord og stolar etter måltid, koste golv, klargjør avdeling før ein åpnar og stenger,  sette på plass varer, lage klar matkorg / forberede måltid og dekke bord, rydde og vaske etter mat, sette i og ta ut av oppvaskmaskin, sette på klesmaskin og tørketrommel, legge saman kle, gå ut med boss. 

Det må og seiast at alle andre tilsette i barnehagane óg bruker tid på desse arbeidsoppgåvene, men Utdanningsforbundet har kun kartlagt pedagogane. Desse arbeidsoppgåvene stjeler tid frå den allereie minimale tida barna har med tre tilsette. Vi fann at i gjennomsnitt bruker pedagogane ca 30 min pr dag på desse oppgåvene. 
I Hurdalsplattformen (2021–2025) står det at regjeringa vil «Forbetre bemanningsnorma slik at ho sikrar barna nok tilsette.» Fleire tilsette i barnehagen vil bidra til at kvart enkelt barn blir sett og følgt opp på ein god måte. Rammeplanen for barnehagar vektlegg betydninga av eit tilstedeværande personale som ser kvart enkelt barn.

Barnehageloven §41-43 seier at alle barn skal vere sikra eit godt psykososialt miljø, noko som vil vere vanskelig å oppfylle dersom det er for få ansatte. Skal ein sikre oppfylling av lova trengs det eit tilstadesværande personale som er observante for barns ulike behov.

Ifølge § 104 i Grunnlova skal barns beste vurderast i alle saker og tiltak som berører dei. Kva som er barn beste er det mange ulike meiningar om. Dersom ein tek utgangspunkt i barnas eigne meiningar om dette vil det å vere saman og leike med andre barn vere det viktigaste, og i tillegg ha ein forståelsesfull og varm vaksen tilstades når ein treng det.

Det handlar om kvalitet. Det å ha nok tilsette til stades saman med barna er den viktigaste garantien for at barnehagen blir opplevd som ein trygg og samtidig utfordrande stad å være. Vi veit at eit stabilt, tilstrekkeleg og kompetent personale er blant dei viktigaste enkeltfaktorane for at barn skal få eit godt barnehagetilbod.
Vi håpar dei ansvarlege myndigheiter i Norge tar inn over seg betydninga av mangelfull bemanning i barnehagen. Tidleg innsats kan forebygge større utgifter seinare. 

Både grunnlova og barnehagelova vektlegg hensynet til barnets beste, no er det på høg tid at myndighetene tar innover seg kva det vil sei i praksis; ein betre bemanning gjennom heile dagen.

Det er lokalvalg til hausten. Kan politikerane i Høyanger sjå at bemanningsnorm heng tett saman med kvalitet, og vil dei satse på kvalitet i barnehagane? 

Vibeke Meel Skår 
og Anne-Britt Skjerven
På vegne av styret i Utdanningsforbundet Høyanger