Frå venstre: Trude Marlen Julseth, Siv Helen Lillehauge, Vebjørn Julseth Lutentun og Olav Luggenes har vore med i arbeidsgruppa som har jobba med å få badetrampolina på plass på Austreimsstranda.

Badetrampoline sett ut –⁠ eitt av 16 prosjekt på Kyrkjebø

Under folkemøtet til Liv & Lyst på Kyrkjebø blei fleire tankar og idear lufta. No har ein av desse ideane blitt realisert, og flyt på fjorden utanfor badestranda.


Det var under folkemøtet for Liv & Lyst på Kyrkjebø at ideen kom. Siv Helen Lillehauge, Trude Marlen Juseth, Vebjørn Lutentun og Olav Luggenes har møtt Ytre Sogn for å fortelje om prosjektet.

– Det vart arrangert eit folkemøte i april med middag, kaffi og kake, der opp mot 100 stykk var innom. Under møtet hadde vi ein «brainstorming» for å høyre kva prosjekt vi kunne sette i gong med. Då var det ein som nemnde badetrampoline, så det var her ideen kom frå, fortel Julseth.

Det var Vebjørn Lutentun som kom med ideen om ei badetrampoline. No sit han sjølv i arbeidsgruppa og har vore med å forme prosjektet.

– Eg tenkte at det hadde vore moro om det kom noko meir ein kunne drive med på Austreimstranda. Mange er her ute og badar på sommaren, og ei badetrampoline ville laga meir liv og røre her ute på stranda, fortel han.

16 prosjekt

No har ho og dei andre sete i ei arbeidsgruppe for å få realisert dette prosjektet. Saman med kommunen har dei fått det til, og førre måndag kom trampolina på fjorden.

– Etter møtet blei det laga til ulike arbeidsgrupper som ein som frivillig kunne bli med i. Her arbeidde ein vidare med dei ulike prosjekta som blir satsa på. No er det sett i gong 16 ulike prosjekt, så det er moro at eit prosjekt er blitt realisert, fortel Lillehauge.

I samarbeid med kommunen har trampolina kome på fjorden. Vidare arbeid er tufta på frivillige og tillit til dei som brukar trampolina, fortel gjengen frå arbeidsgruppa.

– Arbeidsgruppa som har hatt ansvar for dette prosjektet har gjort forarbeidet med å finne ulike trampoliner og forslag som vi har sendt vidare til kommunen. Kommunen har kjøpt inn trampolina med BUA-midlar og sett den ut på fjorden for oss. Alt vedlikehald no er det frivillige som står for. Vi skal setje den ut og ta den inn frå fjorden, og sørge for at alt ser greitt ut og er som det skal vere, fortel Lillehauge vidare.

Badetrampolina har vore på fjorden i ei veke, og har allereie vore mykje i bruk. Ytre Sogn kan melde om god sprett og endå betre stemning.

No håpar gjengen på at fleire Liv & Lyst-prosjekt vil få grobotn og vekse vidare. Dei er allereie godt i gong med mykje, og at eit slikt prosjekt er ferdigstilt gir motivasjon, fortel dei.

– Vi er veldig nøgde med korleis dette prosjektet har gått føre seg og kva sluttresultatet har blitt. No håpar vi på å arbeide vidare med fleire prosjekt og få fleire gode idear realisert. Fleire av tankane som blei lufta på folkemøtet er tatt med vidare og laga arbeidsgrupper på, så no håpar vi at det blir meir liv og lyst på Kyrkjebø, seier Luggenes.

God hjelp frå kommunen

Som sagt er det kommunen som har finansiert prosjektet. Einingsleiar kultur og mangfald, Jeanette Wølke Friis Walsvik, fortel at eit slikt prosjekt er i god kommune 3.0-ånd.

– Vi har midlar frå BUFDIR for BUA i Høyanger kommune. Desse midla skal bli brukt på aktivitetar for barn og unge, så når dette prosjektet blei introdusert for oss heiv vi oss med. Vi har midlar til å kjøpe inn, men ikkje til å vedlikehald, så ein slik avtale med Liv & Lyst-arbeidsgruppa har vore heilt perfekt, fortel ho.

Tross dårleg vêr er det fleire som har vore ute på Austreim og testa trampolina den siste veka, og ein av dei er journalisten i saka sjølv. Ytre Sogn kan dermed melde om god sprett, mykje latter og god stemning.