Avlyser skriftlege eksamenar på ungdomsskular og vidaregåande skular

Alle skriftlege eksamenar vert avlyst for elevar i ungdomsskule og vidaregåande skule


Muntlege eksamenar vert avlyst for elevane på vg1 og vg2, men vert gjennomført for avgangselevane på 10. trinn og vg3.

Det vart klart måndag.

– Vi skulle veldig gjerne ha gjennomført alle eksamenar som planlagt. Det har vore til dels svært ulikt tilbod om opplæring for elevane dette skuleåret, noko som gir eit ulikt vurderingsgrunnlag. Ein felles og lik skriftleg eksamen er difor ikkje lenger eigna prøving av kva elevane har lært, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby i ei pressemelding.

Privatistar og elever med behov for eksamen for å få vitnemål gjennomfører eksamen som normalt, medan muntleg-praktisk og praktiske eksamenar vert avlyst for alle elevar.

– Avlysingane skjer etter nøye vurderingar. Vi har lytta til mange innspel både for og imot avlysing, nettopp fordi denne beslutninga har uheldege konsekvenser for både elevar og studentar, seier Melby.

No skal regjeringa sjå vidare på om det finst andre alternativ for korleis standpunktkarakterane kan forsterkast, til dømes fmed ein form for ekstern vurdering.

– Karakterane elevane får må vere rette og rettferdige, så langt det let seg gjere. Det er bra både for den enkelte elev og dei andre elevane ein konkurrerer mot i opptaket til vidaregåande opplæring og høgare utdanning. Når vi no må avlyse skriftleg eksamen, er det difor viktig at vi ser på andre moglegheiter for ei ekstern vurdering, i tillegg til å legge opp til ekstra støtte rundt arbeidet med statspunktvurdering denne våren. Dette vil vi jobbe vidare med saman med organisasjonane og fylkeskommunane, seier Melby.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.