I den internasjonale finalen møtest dei aller beste, inkludert Noreg sin eigen Magnus Carlsen, og turneringa når eit stort publikum både her til lands og ute i verda. Turneringa blir arrangert av Chess.com, den største sjakkplattforma globalt, som har over 180 millionar registrerte brukarar. Dette betyr at både turneringa og auren frå Osland vert vist til sjakkentusiastar over heile verda.
Magnus Carlsen (t.v) i duell med Jan Nepomnjasjtsjij tysdag under Champions Chess Tour i Oslo, og med logoen til matleverandør og sponsor Osland i bakgrunnen.
Aure frå Osland servert under sjakkfinale i Oslo
Premium aure frå Osland er hovudingrediensen når to erfarne sushikokkar frå SushiTake serverer delikatesser live i studio under Champions Chess Tour-finalen i Oslo 17.–21. desember.