Ariana (15) og Emma (14) skal leie ungdomsrådet i Høyanger


- Det er spennande å vere med på, seier Ariana Rasdal (15) og Emma Finden (14), høvesvis leiar og nestleiar i det nye ungdomsrådet i Høyanger kommune.

Nyleg hadde dei i alt ni medlemmane første møtet sitt i haust, og då stod blant anna fordeling av ein tilskotspott på 20 000 kroner på saklista.


- Dei skal gå til å rehabilitere ballbingar rundt om i kommunen. Det er seks i alt - tre i Høyanger, ein i Lavik, ein i Bjordal og ein på Kyrkjebø. No er det ikkje sikkert det er nok til å ta alle, og difor vil vi at dei blir prioritert etter der behovet er størst, seier Ariana Rasdal (15) og Emma Finden (14) som går i høvesvis 10. og 9.klasse ved Høyanger skule.


Begge var med i ungdomsrådet førre skoleår også. Rasdal er attvald som leiar, medan Finden er nyvald som nestleiar. 


- Det er spennande å vere med, og få høve til å kome med forslag til politikarane i saker som vedkyjem oss. Så får vi håpe at dei høyrer på oss, seier dei to til Ytre Sogn.


På same møtet kom dei også med innspel til opningstidene på biblioteket i kommunen.


- Vi kan ha ganske lange skuledagar, og det er ikkje alltid at bibliotek er ope når vi er ferdige. Det er litt dumt når vi til dømes vil gjere skulearbeid der, seier Rasdal og Finden. 



Løfta opp


-For oss er det viktig å ha ungdomsrådet å spele på. Der får vi til dømes vite meir om kva som opptak dei, kvar dei samlast og kva dei treng av utstyr og der, seier kommunalsjef for kultur og folkehelse Anita Nordheim og kulturmedarbeider Kine Larsen Gunnarskog. 


Sistnemnde er også sekretær for ungdomsrådet.


Dei fortel at på sist møte i Utval for kultur og folkehelse vedtok dei nye vedtekter for undgomsråd. Frå og med hausten 2019 vart nemleg kommunar og fylkeskommunar lovpålagte å ha eit ungdomsråd, eller eit anna medverknadsorgan for ungdom. Som følgje av denne endring i lov og føreskrift var det også naudsynt med ei fornying av vedtektene til rådet i Høyanger.


- Det vil blant anna seie at ungdomsråd no vert løfta opp på linje med andre kommunale organ, som til dømes eldreråd. Det inneber blant anna talerett på møte i formannskap og kommunestyre, seier dei to til Ytre Sogn.

Dei som er med i Høyanger ungdomrsåd er: leiar Ariana Rasdal, nestleiar Emma Finden, medlemmar Petros Gebremichael
, Jarl Ivar Mjåtveit
, Catalina A. P. Farias
, Tomine A. Bjørkhaug
, Vilde Marie S. Sørestrand
, Leo Brekke 
og Andre B. Søreide.